Hopp til innhold

Nytt farevarsel – orkan på veg mot kysten

Endå eit uvêr er på veg mot kysten av Noreg. Og denne gongen skal det blåse kraftig.

Kråkenes fyr

UTSETT: Kråkenes fyr i Vågsøy ligg nær Stad, og er såleis ein av dei stadene som vil merke orkanen godt.

Foto: Bickhardt, Thomas / SCANPIX

Vêrgudane har samla krefter, og viser igjen styrke tysdag. Det skal blåse kuling i store deler av landet, men verst vert det for dei som held seg på Nordvestlandet eller i fjellheimen i Sør-Noreg.

Kan verte stengde vegar

Meteorologisk institutt har nemleg sendt ut gult farevarsel om kraftige vindkast frå sørleg retning i Sunnfjord, Nordfjord og på Sunnmøre. Tysdag ettermiddag og kveld skal det blåse orkan ved Stad, men også innover i landet og i fjellet vil det blåse omtrent like kraftig. Meteorologane åtvarar mot lokale vindkast på 30–35 m/s frå sørleg retning og nær Stad 40 m/s.

– Så sterke vindkast kan føre til kansellerte avgangar på båtar, ferjer og fly. Og bruer og fjellovergangar kan verte stengde. Det er ganske sterk vind som er venta, åtvarar statsmeteorolog Steinar Skare.

Skal du over fjellovergangane kan det vere greitt å merke seg at det er varsla kraftig snøfokk i fjellet i Sør-Noreg, som fort kan føre til stengde vegar eller kolonnekøyring.

Laster Twitter-innhold

Seinast sist fredag blåste det så kraftig at bussane hamna i autovernet på Strynefjellet.

Ifølgje meteorologane kan det difor vere lurt å halde seg borte frå dei mest forblåste plassane når vinden er på sitt sterkaste, samstundes som ein sikrar lause gjenstandar.

Skare seier at tysdagen byrjar ganske greitt med sørvest frisk bris, og sterk kuling rundt Stad. Men utpå ettermiddagen vil vinden raskt ta seg opp ganske kraftig. Først natt til onsdag ventar han at vinden vil minke.

Men noko uvanleg vêrsituasjon er ikkje dette på denne årstida.

– Det er ikkje uvanleg at det bles orkan på Stad som på ein måte ligg på hjørnet av nordvestlandet. Vi får difor ein hjørneeffekt som gir sterkare vind, forklarar han.

Kan få tosifra tal varmegrader

Skare fortel at den milde vêrtypen vil halde fram med mange plussgrader i låglandet og ei snøgrense på rundt 1000 meter over havet. I Møre og Romsdal kan fønvind kanskje gi tosifra tal varmegrader.

– Kjem vi til å nærme oss 19 grader igjen, spør Meteorologane på Twitter.

Parallelt med all vinden og varmegradene skal det også regne ganske mykje i morgon. På Vestlandet og i deler av Innlandet er det venta opp mot 100 millimeter nedbør, og då som regn under 1000 meter. Difor er det og sendt ut gult farevarsel om stor jordskredfare.

Frå før er snøskredfaren svært stor, oransje nivå, langs storparten av norskekysten.

Laster Twitter-innhold