Hopp til innhold

No kjem Aurlandsskoen med nytt design

Aurland skofabrikk er ein av to attverande skofabrikkar i Noreg. No slepper dei ein heilt ny modell.

Synne Kaasin

SKOMAKAR KAASIN: Synne Kaasin med den nye modellen føre seg. Aurland skofabrikk har fleire bestillingar enn det dei klarer å levere.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Her er den nye modellen vår, i brun nubuck, seier Synne Kaasin.

Ho er produktutviklar og skomakar, og ho står bak den nye modellen. Kaasin er stolt over skoen dei har jobba fram.

Synne kaasin

MODERNE: Synne Kaasin meiner den nye modellen passar betre inn i 2020.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Du ser jo at den er nettare, flottare og litt lekrare enn den gamle Aurlandsskoen.

Men inspirasjonen har ho henta frå gamle modellar, som først vart designa på 1920-talet. Ho har valt ut sine favorittbitar, og sett saman ein modell som passar betre i dagens marknad, meiner ho.

– Det er tydeleg at det er den klassiske Aurlandsskoen, men denne passar betre inn i 2020, seier Kaasin.

Ein sta fabrikk

Mette Bakketun

STA: Både skoprodusenten og dei tilsette er sta. – Me vil at dette skal gå, og me gjer det me kan for at dette skal gå rundt, seier Mette Bakketun.

Aurlandsskoen har kledd mange føter både i Noreg og utlandet sidan dei første para vart sydde på 1930-talet. I tiåra etter krigen jobba over hundre menneske i bygda som skomakarar. Aurlandsskoen med tiøren i tverrbjoren var kjend ut over landegrensene.

Og no er altså Aurland skofabrikk ein av berre to attverande skofabrikkar her til lands.

– Heldigvis har vi lokale krefter som har gått saman for å støtte oss sånn at me skal klare å produsere, seier den daglege leiaren Mette Bakketun, og held fram:

– Samtidig er me ganske sta me som jobbar her også. Me vil at dette skal gå, og me gjer det me kan for at dette skal gå rundt.

Men sjølv om det no er ny giv rundt den nye modellen, vil det aldri bli snakk om masseproduksjon.

– Det er jo det som gjer skoen så eksklusiv som han er. Det er jo eit handverk gjennom heile prosessen, og me er berre åtte stykke her, seier Bakketun.

Satsar meir mot menn

Astrid Navarsete

HANDVERK: Astrid Navarsete jobbar på fabrikken, og er med på å produsere sko etter sko etter sko.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– No satsar vi litt meir på herremarknaden. I herremote er det mykje loafers og penny-loafers. Og når kvaliteten går opp, så går også prisen opp. Då treffer me automatisk ein litt annan marknad, seier Kaasin.

Og testane dei har gjort i marknaden er positive, meiner sjefen.

– Me har ein eigen person som reiser rundt og viser fram skoen og fortel historia vår. Han reiser til eksklusive butikkar og motemesser. Tilbakemeldingane er kjempegode, og fleire står i kø og berre ventar på at me blir ferdige, seier Bakketun.