Hopp til innhold

Nytt branntilløp i Lærdal i natt

Både Sivilforsvaret og brannmannskap var raskt på plass då det natt til onsdag vart meldt om nok ein ulmebrann i lia over Lærdal.

Branntomt på Lærdal

BLUSSA OPP: Natt til onsdag vart det oppdaga ein ulmebrann i lia i Lærdal. Brannmannskap var raskt på staden og fekk sløkt branntilløpet.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Politiet fekk melding om ein liten brann bak ein kompostplass kring 200 meter oppe i lia klokken 00.20 natt til onsdag.

Brannmannskap kom til og fekk raskt sløkt det som viste seg å vere ein ulmebrann i lyng og mose. Også natt til tysdag blussa det opp i terrenget grunna sterk vind .

– Det er klart at det byrjar å tære på både brannvesen og Sivilforsvaret. Det har gått fire døgn sidan brannen starta, og dei har stått på. Det brann her også i går og på måndag, så det har vore mykje å gjere for brannmannskap og sivilforsvaret siste dagane, seier NRK sin reporter på staden, Simon Solheim.

Krevjande arbeid

Politiet har avhøyrt fleire vitne etter storbrannen som slukte minst 35 bygningar i den vesle bygda . Kripos vil i dag halde fram arbeidet med å leite i brannruinane for å få svar på kva som utløyste storbrannen .

Eigaren av huset der brannen starta vart avhøyrt tysdag, men politiet vil ikkje seie kva som har kome fram.

– Kripos har teke fatt på eit svært vanskeleg arbeid, og seier at brannetterforsking er det vanskelegaste arbeidet dei driv på med. Det kan ta fleire dagar og veker før ein får svar, men brannteknikkarar vil i dag halde fram arbeidet på branntomta, seier Solheim.