Det er det canadiske selskapet Timminco, i samarbeid med Høyanger kommune, som har lagt inn det nye bodet. Det stadfestar Børge Brende overfor Bergens Tidende.
For mindre enn fire månadar sidan stranda eit forhandlingsforsøk mellom desse partane, men no har ein klart å få til ny kontakt og eit nytt bod.
Medeigar
Høyanger-ordførar Kjartan Longva seier at kommunen vil gå inn som medeigar viss Timminco får kjøpe metallverket til Hydro. Han fortel at bodet vart lagt inn i august.
- Vi vil gå inn med ein del av dei pengane som no ligg i Fundo, når vi blir utløyst der. Desse pengane vil gå inn som aksjekapital i det nye selskapet, seier Longva.
Usikker Fredagsvik
Leiar i Høyanger kjemiske industriarbeidarforening, Billy Fredagsvik stiller seg positiv. Han er likevel usikker på om salet går i boks.
- Eg kjenner berre til at det er lagt inn eit nytt bod som garanterer ei utbygging som tilsvarer utfasinga av dei gamle Søderbergomnane.
- Men i førre omgang vart salet lagt på is, kva trur du no?
- Det er vanskeleg å seie for det skal behandlast i leiinga i Hydro, og vi kjenner ikkje deira synspunkt på dette, seier han.