Hopp til innhold

Nytt billettsystem på to ferjestrekker i fylket

Sjåførar som køyrer åleine i tom bil er taparen, etter at framtidas billettsystem frå årsskifte vart innført på to ferjesamband i fylket.

Manheller ferjekai

NYTT BILLETTSYSTEM: No går passasjerane gratis, medan ein må betale meir for bilen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Endringa er at ein ikkje lenger må betale for passasjerar på desse sambanda, forklarer fagkoordinator for ferjer, Anders Sæternes i Statens vegvesen.

Enno må du betale hos billettøren på kaia. Enn så lenge. Men takstsystemet er heilt nytt.

To samband

Frå årsskifte vart det som på fagspråket blir kalla autopassdirektivet innført på det mest trafikkerte ferjesambandet i Sogn og Fjordane, Mannheller – Fodnes. Og på Dragsvik–Hella–Vangsnes.

– Bil er blitt litt dyrare etter at passasjer vart gratis, seier Sæternes.

– Så her gjeld det å fylle opp bilen?

– Ja, vil likar at det reiser flest mogleg i bilen

Merkast for pendlarane

Dermed blir ein straffa som einsleg sjåfør, medan ein full familiebil blir god butikk. Utan rabattkort har prisen for ein bil på inntil 6 meters lengde stige 29 til 106 kroner på Mannheller Fodnes. Elbilane slepp unna med 47 kroner.

– Utan rabattkort så vil det slå hardt ut. Dersom det er slik at ein må køyre åleine så er det klart at det er ei stor endring, konstaterer Nils Geir Myrkaskog.

Myrkaskog er dagpendlar frå Vik til Leikanger med ferja frå Vangsnes til Hella. Sjølv er han blant dei heldige. Det er ikkje ofte matboksen er einaste selskap i passasjersetet.

– Vanlegvis så pendlar eg i lag med ei som jobbar på same avdelinga, så då går det mykje ut på det same. Dei gongene eg køyrer åleine så blir det sjølvsagt litt dyrare. Totalt sett blir det ikkje så gale, seier Myrkaskog.

På Fodnes ferjekai står Svein Ålhus kvar morgon i ferjekø på veg frå heimen i Årdal til jobb i Sogndal. Han helsar framtida velkommen.

– Ja, det blir på same måte som med bompengar. Det går vel raskare på den måten

Utan rabattkort har prisen for ein bil på inntil seks meters lengde stige 29 kroner til 106 kroner på Mannheller Fodnes. Elbilane slepp unna med 47 kroner. Og Ålhus køyrer elbil og har rabattkort.

– Så eg har tidlegare berre betalt for passasjeren, og då har satsen vore 26 kroner. No er den redusert til 24 for no betaler ein berre for bilen, så det har blitt billigare.

Autopass

I løpet av året er målet at ein berre skal kunne køyre om bord, utan verken rabattkort, bankkort eller kontantar. Ein må berre ha ei autopassbrikke i frontruta som ein har betalt for, nett som i ein vanleg bomring.

Tor Kristoffersen.

INNFØRER AUTOPASS: Regionsjef Tor Kristoffersen i Fjord1.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi håpar at vi skal kome på plass med det meste i slutten av 2016, byrjinga av 2017, seier regionsjef Tor Kristoffersen i Fjord1.

I vegstellet seier Sætenes at det nye billettsystemet vil kome på alle sambanda etter kvart som nye anbod trer i kraft

– Dette blir fortløpande lagt inn i nye anbod, og det neste er Anda–Lote