NRK i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland står bak konserten som blei arrangert i midten av desember. Truleg er det aller første gong at så mange artistar frå Vestlandet står saman på same scene i ein slik TV-produksjon.
I TV-programmet får du sjå Morten Abel, Hilde Selvikvåg, Razika, Fargespill, Sigrid Moldestad, Hanne Sørvaag, Britt-Synnøve Johansen, Randi Tytingvåg, Christine Sandtorv, Jan Toft, Olav Stedje, Claudia Scott og Egil Eldøen. Programleiarar er Finn Tokvam og Sigrid Moldestad.
– Det var ei fantastisk flott stemning i Grieghallen denne kvelden med vestlandsk mat i foajeen, musikarar frå Vestlandet som lagde fest og eit fantastisk publikum som sette ein ekstra spiss for det heile. Eg trur vi også klarar å formidle alt dette i konserten som vi sender i jula på NRK, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle.
- Les også:
No er konserten redigert til ein versjon på ein time. Du kan sjå den på TV på NRK1 i beste sendetid 1. juledag klokka 20.55.
– Vi byr på både tradisjonelle julesongar, nye julesongar og nokre av artistane sine eigne låtar. Målet vårt er å skape ein konsert som både engasjerer, rører, skapar stemning og er godt selskap for både radiolyttarar og TV-sjåarar, seier Sjursen Takle.
- Les også: