Hopp til innhold

Sommarvarmen kan vere den siste på lenge

Det har blitt målt sommartemperaturar over heile fylket i dag. Varmaste plassen hadde 21,7 grader i dag.

Utsikt over Jølster

VARME OG SOL: Mange nyttar høvet til å ta seg til fjells i varmen. Her er utsikt over nedre Jølster og Jølstra frå Storetrævarden denne sommardagen.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Det har vore ein fin dag over heile fylket, og det er berre å nyte den, for det kan bli lenge til neste gong, seier statsmeteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Frode Hassel.

Oversikta over målingane som er gjort i dag viser at sommaren verkeleg har vore over oss.

  • Takle 17.9
  • Vangsnes 18.3
  • Lærdal 18,5
  • Sogndal lufthamn 15,1
  • Njøs 19.6
  • Fjærland 20.4
  • Balestrand 19.9
  • Fureneset 21,7
  • Førde lufthamn 18.5
  • Florø 20,8
  • Ytterøyane 17.3
  • Myklebustfjellet 14,5
  • Svelgen 21,2
  • Sandane lufthamn 19.0
  • Stryn 18,8
  • Kråkenes 17,0

Del dine bilete frå sommardagen med oss! Bruk #nrksf

Fønvind med varme

– Det bles ein frålandsvind over fylket, den gjer at det blir spesielt varmt på kysten. Det er ein fønvind som bles over fjellet, seier meteorlogen.

Temperaturane og sola har lokka folk utandørs, og fleire bør nyte kvelden rår meteorologen.

– Dette varer ikkje så det er berre å nyte det som er att av dagen, seier Hassel.

Og det blir eit vêromslag, lovar meteorolgen. For i morgon ettermiddag er det venta inn eit lågtrykk i havet som fører med seg sterk vind.

Ventar inn sterk vind

– Lågtrykket trekkjer med seg ein sterk nordavind, og det kan bli ganske sterk vind på kysten laurdag, opp i sterk kuling på kysten. Så det er grunn til å vere obs for alle som har båtar ute, seier meteorologen.

Dermed kan det vere slutt på sommarvarme dagar. Vi kan derimot vente oss besøk av Kong-vinter i høgfjellet.

– Det kan komme snø i høgda over 1400 meter fredag og laurdag. Dette kan vere første signal om at vinteren er på veg.

Trekker med seg sterk vind - aukar natt til laurdag. Sterk kuling på kysten og i fjellet så det er grunn til å vere obs.

Laster innhold, vennligst vent..