Hopp til innhold

Nyt godvêret no - om ei veke kjem minusgradene

Ta påskeferien i godvêret denne veka. Om ei veke kjem nordavinden og minusgradene att.

Sol vinter snø

HERLEG: Blå himmel og sol som skin i snøen, det er skikkeleg påskevêr.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det skal vere sol og fint vêr heile denne veka. Til og med helga. Men så kjem kulden og vinden. Det seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

I dag vakna fylket opp til ein strålande blå himmel, med sola som varma. Dette har gitt flotte skiforhold for dei som har hatt høve til å nyte dagen i friluft.

Fureneset i Fjaler var den varmaste staden i fylket i dag med 9,8 grader på det varmaste.

Knallvêr til helga

Vêrutsiktene lovar stigande temperaturar utover veka. Fredag og laurdag kan det bli heilt opp i 10-12 grader på dagen.

Unnataket denne veka er onsdag. Då blir ikkje dagen heilt som resten av veka.

– Då kjem det inn litt skyer frå aust. Så austavinden kan nok bli litt sur. Men det blir berre onsdag, lovar meteorologen.

Denne veka vil vere prega av låge nattetemperaturar. Men til helga vil også nattetemperaturen stige.

Ta påskeferien no!

– Det er synd det ikkje er påske no. Veret går i bolkar, så eg er redd at vi no "brukar opp" det fine vêret. Vi får håpe eg tar feil, seier meteorologen.

For varmegradene varar ikkje så lenge. Etter helga er det vinter att..

– Nordavinden kjem snikande. Vi vil få både snø og sludd. Så vi er ikkje kvitt vinteren enno. Men dette vil merkast mest nord i fylket, og nord for Stad. Så det kan hende Sunnfjord og Sogn kan sleppe unna, seier Fagerlid.

Satelittbilete av vestlandet bada i sol

SATELITTBILETE AV VESTLANDET BADA I SOL: I ettermiddag tok ein satelitt bilete som viser at landsdelen har vore bada i sol frå blå himmel. Over helga er det slutt.

Foto: Meteorologisk institutt