Klar for ei ny runde med nedbør og kraftig vind?

Kraftig vind, opp mot 100 millimeter nedbør og stor snøskredfare. Ein roleg fredag blir følgd opp av ein uroleg laurdag.

Video Storm ved Stad

INNEVÊR: Det er duka for nye rundar med både kraftig vind og store nedbørsmengder. Her frå tidlegare uvêr ved Kråkenes fyr yst i Nordfjord.

Foto: Nyhetsspiller

Med andre ord er det berre å nyte fredagen.

– Sør for Stad og Dovre får mest glede av pausen. Og prognosane viser ikkje så mykje anna å gle seg over. Det kan sjå ut til å roe seg i slutten av neste veke. Men det er veldig usikkert, seier statsmeteorolog Frode Hassel.

– Ein uroleg periode

Frode Hassel

METEOROLOG: Det kjem stadig nye lågtrykk frå vest. – Det er mykje uroleg vêr i heile fastlands-Noreg i tida som kjem framover, seier statsmeteorolog Frode Hassel.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Kysten og fjellet har fått ein rimeleg nedbørsrik vindfull start på det nye året. Både på Vestlandet og i Nord-Noreg. Og det er ikkje over med det første. Ein heller fin fredag i Sør-Noreg blir avslutta med tiltakande vind frå vest.

Så blir det jamt og trutt vind og nedbør langs kysten inn mot neste helg.

– Det viser berre at det framleis er ein uroleg periode, og ting som skjer, seier Hassel.

Nye lågtrykk er på veg mot vestlandskysten.

KRAFTIG VIND: Det er venta kraftig vind både på kysten og i fjellet på Vestlandet laurdag til søndag.

Foto: Skjermdump / windy.com

Laurdag kan vinden igjen nå orkan styrke ved Stad. Meteorologisk institutt har sendt gult farevarsel for vindkast på 30-35 sekundmeter utsatte stadar.

Også Austlandet kan få det krevjande.

– Og så kjem det ein god del nedbør vest for vasskiljet, men det kjem også ein del over mot Austlandet. Her er det fare for underkjølt regn, seier Hassel åtvarande.

Stor snøskredfare

Tommy Skårholen, Emma Barfod, Espen Biseth Granan.

SNØSKREDFARE: – Vi ventar store skred, men du må i høgda for å finne dei største snømengdene. Det ligg likevel i faregraden at store skred kan nå busetnad og veg utsette stader, seier Tommy Skårholen i NVE.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Vestlendingane kan få så mykje som 100 millimeter regn på 24 timar. Meteorologisk har sendt gult varsel på for Vestlandet sør for Stad.

Førebels meiner NVE at dei store nedbørsmengdene ikkje aukar faren for flaum, men jordskredvarselet er på gult nivå for Vestland og delar av Rogaland.

Derimot får 15 av 20 regionar betydeleg eller stor snøskredfare. Varselet er på raudt nivå i Hardanger, Voss og Indre Fjordane i Vestland fylke.

Nedbøren kjem som nysnø først på laurdagen, så veltar vinden innover fjella før temperaturen stig og nedbøren kjem som regn i høgda.

– Det svekkjer bindingane i snødekket og du får tilleggsbelastning på snøen. Då kan ein rekne med naturleg utløyste skred som kan bli store, seier snøskredvakt Tommy Skårholen i NVE.

– Det blir dårleg turvêr. Det blir nok for spesielt interesserte, seier han.

Stor snøskredfare laurdag 11. januar.

SNØSKREDFARE: – Det er mykje fine turar ein kan gå sjølv om det er dårleg vêr og ein ikkje går under skredterreng eller inn i utløpsområde for skred, seier Tommy Skårholen i NVE om laurdagen.

Foto: Skjermdump / varsom.no

Trøbbel på vegane

Prognose for laurdag 11. januar.

PROGNOSEN: Det er venta mykje vêr laurdag, med kraftig vind og store nedbørsmengder over Vestlandet.

Foto: Illustrasjon / Meteorologisk institutt

Nord-Noreg har torsdag hatt mykje vêr. Meteorologisk institutt åtvara mot kraftige vindkast mot land. Tidlegare i veka var det Vestlandet som fekk det. For første gang på fleire år vart alle fjellovergangane mellom Austlandet og Vestland stengde før helga.

Tysdag velta ein lastebil under slep i den kraftige vinden på Måløybrua i Kinn.

Det blir jamt med vind og nedbør i nord, men Vestland ser ut til å få det verste.

Hassel oppmodar folk til å følgje med på veg- og vêrmeldingar.

– Det blir mykje nedbør og vind både på kysten og i fjellet. Eg trur ein kan rekne med stengde fjellovergangar, seier Hassel.

Nytt system på veg

Søndag går regnet over til byevêr og vinden dreier til vestleg kuling.

– Men tysdag og onsdag kan det kome nokre heftige system, og ein ny runde med veldig mykje vind, spesielt i sør. Det ferskaste varselet antyder ganske mykje vind frå Stad og sørover, seier Hassel og konkluderer:

– Det er mykje uroleg vêr i heile fastlands-Noreg i tida som kjem.