Hopp til innhold

Nyt findagane - for dei varer ikkje lenge

Allereie laurdag melder meteorologen periodar med bygevêr og regn i fylket. Har du sjansen, nyttar du dei solgløtta du får, godt.

Brandsøyåsen
Foto: Wenche Gulestø Hermansen

Heile fylket vakna i dag opp til opphaldsvêr og sol, sjølv om tåke mange stadar la ein liten dempar på soloppgangen. Men den forsvinn relativt raskt.

– Tåka vil nok lette i indre strøk løpet av dei første timane. På kysten blir ho nok liggjande litt lengre. Men i løpet av føremiddagen vil tåka lette på kysten også, seier vakthavande statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Halldis Berge.

Sosiale medium har dei siste dagane vorte pepra av bilete av både soloppgangar og solnedgangar, og solhungrige vestlendingar veit å nyte dei solstrålane dei får.

Det er meldt temperaturar opp mot 25 grader i løpet av veka på grunn av eit høgtrykk som sug opp varm luft frå sørlegare strøk og sender det mot Norge.

Har du vakre bilete frå finvêret så kan du gjerne dele dei med oss på sosiale medium. Då taggar du bileta med #nrksf.

Melder lite vind

Ifølgje meteorologen skal varmen nå ein topp onsdag i Sør-Norge.

Men med høge temperaturar og klarvêr følgjer også låge natt-temperaturar, og dermed også tåke på morgonkvisten.

– Det er ikkje heilt uvanleg at ein får tåke då. Havtåka ligg på kysten, og difor vert ho liggjande litt lengre. Men sola klarar nok å løyse den utpå dagen, seier Berge.

Onsdag er det meldt lite vind, mest skiftande bris.

– Det blir sol og fint vêr og temperaturar over 20 grader også i dag, seier Berge.

Også torsdag er det moglegheit for lokal tåke på morgonen, men elles skal det bli ein finvêrsdag.

Ustabile luftmassar kjem sigande

Men frå sein ettermiddag og kveld er det utrygt for lokale regnbyer, helst i indre strøk. Det blir også litt lågare temperaturar, men i indre strøk kan det komme opp i 21 grader, seier Berge.

Litt meir ustabile luftmassar gjer til at helgevêret kan bli noko skiftande.

– Fredag ser ganske bra ut, men det er utrygt for lokale regnbyer. Eg trur likevel det blir lange periodar med sol, samt skiftande bris, seier Berge.

Laurdag vert det skya opphaldsvêr på starten av dagen, og så blir det periodar med bygevêr og regn utover ettermiddagen.