Hopp til innhold

Nyt dagen i dag - måndag snur det

Du har framleis sjansen til å nyte hausten utan for mykje regn, men du må skunde deg, for måndag åtvarar meteorologane mot mykje dårleg vêr.

Oldedalen søndag i november 2015

NYT DET: Dei som vil har framleis nokre timar på seg til å nyte haustdagen i fjordfylket, som her i Oldedalen, før vind og nedbør kjem inn over oss for fullt måndag.

Foto: Instagram: Anne-Lill Opheim Drageset

Meteorologisk institutt sende søndag ettermiddag ut obsvarsel for heile Vestlandet, der dei åtvarar mot mykje vind, kraftig regn og vanskelege køyreforhold i fjellet.

– Det blir ganske ruskete, det kan ein trygt seie. Det er ikkje sendt obsvarsel på regnet i Sogn og Fjordane, det er vinkasta og snøen som gjer det. Det blir dårleg sikt og vanskeleg føre, og ein god del nedbør. Regnet eller snøen kjem seint natt til måndag, seier statsmeteorolog Gunnar Livik.

I natt er det venta opphaldsvêr, men meteorologen er klar på at ein må skunde seg å nyte dei komande ettermiddags- og kveldstimane. For når du skal ut av døra og starte arbeids- eller skuleveka måndag morgon er det truleg greitt å ha regnklede og paraply parat.

Gunnar Livik, meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet

UVÊR: Gunnar livik ved Vêrvarslinga på Vestlandet sine prognosar tyder på mykje vind, regn og snø på Vestlandet dei næraste dagane.

Foto: Meteorologisk institutt

Mest nedbør tysdag

Snøen kan på morgonkvisten kome heilt ned til havnivå, men når den varmare lufta tek over utover dagen, landar snøgrensa på ein stad mellom 300 og 600 meter.

– På fjellovergangane blir det snø og vanskeleg å køyre. Spesielt på føremiddagen og kring 9-10-tida er det meldt om vindkast i søraustleg retning.

Medan det er vinden som kan bli mest utfordrande måndag, er det tysdag varsla meir nedbør.

– Det er meldt sterk kuling og liten storm ved Stad, kanskje også litt lenger sør i dei nordre delane av fylket. Det minkar mot kvelden, men det er meldt om lokalt kraftige byer med regn, hagl og snø frå 400–700 meter, seier Livik.