Hopp til innhold

Nysnø på nysådde gulrøter

Ikkje før var gulrøtene komne i jorda, så kom det nysnø på Stødno i Lærdal. Men det gjer ingenting, seier bonde Per Severin Hjermann.

Nysnø på nysådde gulrøter på Stødno i Lærdal

DEKT AV SNØ: Slik såg gulrotåkeren på Stødno ut dagen etter at gulrøtene var komne i jorda.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Han sådde vel 15 mål med gulrøter onsdag. Torsdag la det seg eit kvitt teppe over åkeren, og temperaturen var ikkje spesielt vårleg. Men det uroar ikkje Hjermann.

Per Severin Hjermann

– BETYR INGENTING: Per Severin Hjermann.

Foto: Kjell Arvid stølen / NRK

– Nei, det betyr ikkje noko for avlinga.

Han reknar med å hauste gulrøtene i slutten av juli. Førebels er han den einaste av gulrotdyrkarane i Lærdal som har sådd.

Fredag hadde han planar om å så poteter, men det må han utsette.

– Ikkje på grunn av snøen og temperaturen, men fordi det er for vått i jorda.

Tørkar det opp, kan det bli potetsetting i helga.