Hopp til innhold

Nysnø og sol – slik vert avslutninga på vinterferien

Grått og vått har prega starten på vinterferien. I morgon snur det og sola kan titte fram over heile fylket. Enn så lenge.

Drømmepåske enn så lenge i Jølster i Sogn og Fjordane tirsdag .

GOD START: Torsdag og fredag kan gje slike bilde rundt om i fylket, så kjem nedbøren tilbake.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Vinden kjem ifrå nord og då stopper dei fleste byene før dei kjem til Sogn og Fjordane. Nordlege delar av fylket kan få litt nedbør i form av snø, men sola vil komme fram. Sør i fylket vert det stort sett sol, seier statsmeteorolog Håvard Thorset.

Det er godt nytt, for onsdag kom det mykje nedbør i store delar av fylket og fleire plassar kom mesteparten som snø. Det er godt nytt, spesielt for skisentera som har fått ein god porsjon natursnø.

Men har du tenkt deg ut på ski i sola må det skje før helga, då skyar det til.

Vert kaldare

Men først dei gode nyheitene. Etter ein relativt mildt start på vinterferien vert det no kaldare, men noko sprengkulde vert det ikkje.

– Det vil for det meste vera minusgrader torsdag, fredag og laurdag. Låglandet kan få plussgrader midt på dagen i sola, seier Thorset.

Så vil temperaturen stige i helga.

– Då snur vinden og får ein sørleg retning. Då skyar det meir til og laurdag vert det sterkare vind. Det vil også kome nedbør inn frå vest som kjem som snø laurdag, men på søndag vil snøgrensa stige til 3–500 meter, seier Thorset.

yr.no kan du sjekke vêrmeldinga for ditt lokalområde og snøfall finn du her.

Men før det vert mildt att så har skisenter over heile fylket fått solid påfyll av natursnø onsdag. Enkelte plassar har det kome ein halvmeter og dei fleste er opne.

NB: Nysnøen som har kome gjer at det er auka fare for snøskred i fjellet. Sjekk varsom.no for detaljert informasjon.