Hopp til innhold

Nynorskbyen vart hakket meir nynorsk

Tysdag vart grunnsteinen i prosjektet «nynorskbyen Førde» avduka. Den har fått sin plass på toppen av trappene i stien opp Hafstadkleiva.

Tysdag vart grunnsteinen for nynorskbyen Førde avduka.

SJÅ VIDEO: Her avdukar dei grunnsteinen for nynorskbyen Førde. Foto/Redigeirng: Stine Kyrkjebø Johansen.

– Det er strålande å ha fått på plass ein slik stein. Poenget er å synleggjere prosjeket. For nynorskbyen Førde er inga skjult satsing. Vi skal vere synlege, seier kommunalsjef i Førde Trond Ueland.

Steinen som er plassert i stien opp til Hafstadfjellet er difor eit symbol på prosjektet, meiner han. Innfeldt i steinen med skarp, raud skrift, skin dei nynorske orda frå Olav H. Hauge.

Fjell lyt du yver, skal du koma lenger

Olav H. Hauge

Greip sjansen

Prosjektet har fått 500.000 kroner av kommunaldepartementet, og nokre delar av prosjektet er allereie i gong. Førde kommune er hovudeigar av prosjektet.

Målet med prosjektet er å skape meir medvit kring verdien av å nytte nynorsk som identitet og styrke.

– Vi skal vere tydlegare på bruken av nynorsk i Førde, i Sunnfjord og i Sogn og Fjordane. Det skulle jo berre mangle. Vi skriv og snakkar nynorsk. Så då greip vi sjansen til å markere oss som nynorskby, fortel Ueland.

Prosjektet nynorskbyen består av mange små synlege prosjektsatsingar kring nynorsk.

– Vi skal springe roleg, vi skal gjere mange småting, men vi skal gjere det lenge. Så etter kvart tenkjer eg at vi får ein auka medvit kring nynorsken, seier Ueland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Grunnstein - nynorskbyen
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Stolt nynorsk

Ordførar i Førde, Olve Grotle (H) trur prosjektet kan vere med på å gje byen ein enda meir stolt identitet.

– I tillegg er det med på å gje elevane våre tilbakemeldingar om at nynorsk er bra. Ikkje minst når dei reiser vidare ut i den store verda på høgskule og universitet. Då veit dei at nynorsk er godt nok, og til og med det beste, seier Grotle.

Også næringslivet meiner han vil ha nytte av prosjektet.

– Næringslivet i Førde og Sunnfjord har eit godt forhold til nynorsk og brukar mykje nynorsk. Vi har tenkt at ein del av prosjektet skal rette seg mot næringslivet. At dei skal vere meir medvitne til nynorsk og sjå på det som ein ressurs og styrke, seier Grotle.