Nynorskbråk i nabofylket
UiB-studenten Håkon Remøy fekk to gonger semesterkort på bokmål, sjølv om han hadde bede om at dokumenta kom på nynorsk. Ifølgje Språkrådet får dei ofte meldingar om at folk ikkje får kommunikasjon frå staten på den målforma dei har bede om. I Sogn og Fjordane er eit kjent eksempel då Jens Brekke i Vik nekta å betale bota før den kom på nynorsk.