NRK Meny
Normal

Nynorsk oversetjing av koranen lokka tyrkisk TV-team til Kinn

Einar Seim frå Kinn var den første som omsette koranen til norsk. No blir det bok om Einar og broren, kunstmålaren Harald Seim.

 Magnus Helge Torvanger

SKRIV BOK: Forfattar Magnus Helge Torvanger skriv bok om to av dei mest markante personane frå Kinn.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

To av dei mest markante personane frå Kinn er Harald og Einar Seim. Harald var kunstmålar og Einar vart omtalt som den mest lærde bonden her i landet.

– Det som fasinerer meg med desse to er at dei kjem frå heller enkle kår, men har så vidt interessefelt. Dei levde og ut interessene sine, Harald gjennom kunsten, og Einar gjennom reisene sine til Shetland for å finne restar etter det gamle norske språket der borte, seier forfattar Magnus Helge Torvanger, som skriv bok om dei to brørne.

Besøk frå Tyrkia

Einar var ikkje berre interessert i norsk språk og norsk historie på Shetland. Han var også levande opptatt av filosofi og religion. Tidleg på 1960-talet var han den første som omsette koranen til norsk.

Denne historia førte nyleg eit tyrkisk TV-team til Kinn.

– Einar Seim var interessert i så mykje, mellom anna filosofi og religion. Så han las koranen, på engelsk antakeleg, og vart så interessert i den at han tok og omsette den til nynorsk. Så han var den første som omsette koranen til norsk, 15 år før den vart gitt ut på bokmål.

Omsetjinga vart rett nok aldri gitt ut på noko forlag.

– Seinare omsette han også ei lærebok i buddhisme frå engelsk til norsk.

Språk og folkeminne

Einar Seim hadde eit vidt interessefelt. Men hovudinteressa var nok språk, historie og folkeminne.

– Det var nok difor han reiste til Shetland for å finne restar etter det gamle norske språket der borte.

På Shetland leita han etter restar av norsk i språket, i daglegtalen, i stadnamn og ikkje minst i daglegtalen. Seinare skreiv han også ei norsk bok om ordtak.

– Ja, han laga jo Noregs største samling av ordtak og herme, som kom i bokform tidleg på 1960-talet. Der er det 16–17 000 ordtak og herme, som han hadde samla gjennom eit langt liv.

Vegopning på Bergum i Førde kommune