Hopp til innhold

- Fantastisk! Imponerande! Verdsklasse! - Nynorsk operapremiere vekte italienske kjensler

– Fantastisk! Imponerande! Dette er det beste eg har sett! Premieren på nynorsk-operaen "Søner av sola" vekte sterke kjensler hos publikum.

Opera Nordfjord har premiere på "Søner av sola"

NYNORSK SUKSESS: Operaen 'Søner av sola' fall i smak hos publikum etter premieren på Opera Nordfjord.

Foto: Svein Nesbakk

– Det var ei fantastisk framsyning! Eg fryda meg over nynorsken på ei operascene. Eg må seie at det var strålande. Eg må berre gratulere Opera Nordfjord – nok ein gong.

Liv Signe Navarsete

FANTASTISK: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete fryda seg over nynorsken på scena.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Det seier ei imponert og tydeleg rørt Liv Signe Navarsete, tidlegare kommunalminister og stortingspolitikar for Senterpartiet etter premieren onsdag kveld på den italienske operaen «I puritani» av Vincenzo Bellini.

– Eg er stolt over at det er ein lærdøl som har omsett operaen.

Operaen er omsett til nynorsk av sogningen Jostein Avdem Fretland på oppdrag for Opera Nordfjord.

Bergtok publikum

Statssekretær i Kulturdepartementet, Bjørgulv Vinje Borgundvåg, frå Borgundvåg har sjølv song-bakgrunn. For han var operaen ei stor oppleving.

Bjørgulv Vinje Borgundvåg

STORARTA: Statssekretær i Kulturdepartementet, Bjørgulv Vinje Borgundvåg, tykte 'Søner av sola' var nyskapande.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Det er heilt storarta å sjå korleis ein kan lage ein lokal og nyskapande versjon av Bellini på nynorsk.

Vinje meiner kvaliteten på operaen er strålande, både for solistar og kor. Han trur Opera Nordfjord gjer ein viktig jobb for å fremje interesse for opera og opera kulturform og kunstuttrykk i regionane.

(Saka held fram under videoen)

Den nynorske operaen "Søner av sola" på Opera Nordfjord begeistra publikum.

– Kanskje dette er noko av det beste Opera Nordfjord har gjort. Det var ein verdskvalitet på dette. Eg er veldig stolt og imponert, seier tidlegare hotelleigar av Selje hotell, Gerd Kjellaug Berge.

Magisk verd

24 år gamle Jostein Avdem Fretland frå Lærdal har gitt operaen den norske tittelen "Søner av sola".

Handlinga går føre seg i den verda som oppstår etter det Norrøne ragnarok. I denne verda utviklar det seg etter kvart to folkeslag. Volundane og Egdane.

Dei er svært ulike og slåst om det same landet. To personar er sentrum for handlinga i operaen.

(Saka held fram under biletet)

Jostein Fretland

STERK OPPLEVING: Omsetjaren av operaen, Jostein Avdem Fretland, vart overraska over eigne kjensler då han såg premieren på operaen 'Søner av sola'.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Sterkt for omsetjaren sjølv

Fretland starta arbeidet med omsetjinga sommaren 2013 i heimen sin i London, der han er busett med den kjende bloggaren Mariell Øyre. Å sjå det han har jobba med så lenge endeleg på scena var ei sterk oppleving for sogningen.

– Eg vart teken litt på senga når eg byrja å grine i den fyrste akta. Eg hadde kanskje tenkt at det skulle gå to, tre før eg byrja. Men det var berre full kollaps. Eg er utruleg glad, seier ein fornøgd Fretland.

Sjå TV sak frå Vestlandsrevyen om jobben med omsettinga:

Jostein Avdem Fretland frå Lærdal sit i leilegheita i London. Her har han brukt mykje tid på omsetjinga av den italienske operaen «I Puritani». No skal den setjast opp på Opera Nordfjord på nynorsk.