Nynorsk design fenger heile landet

ÅRDAL (NRK): Grafisk designar Yvonne Aga Romøren har funne si nisje og representerer ein gryande optimisme i norsk trykkeribransje.

Yvonne Aga Romøren

OPTIMISTISK GRÜNDER: Med ein nyopna nettbutikk opplever Yvonne Aga Romøren gode tider for eigenproduserte trykksaker.

Foto: Ragnhild Myklemyr

– Under fjorårets julekortsesong skjøna me at dette verkeleg var noko å satsa på. Bestillingane kom tikkande inn frå heile landet.

Det var då ho gjekk gravid med tvillingar at Romøren byrja å realisere gründerdraumen ho lenge hadde bore på. Det som for to år sidan starta med sal i nærmiljøet, er i dag blitt fulltidsjobb for småbarnsmora.

– Vi sel mykje meir av alt frå plakatar til invitasjonar og takkekort. Målet vårt er å levere trykk med ein personleg vri. At både produkta og nettbutikken er på nynorsk, meiner eg er eit fortrinn i konkurransen med dei større aktørane.

Tett på kunden

I tillegg til konkurransedyktige produkt meiner Romøren at tett kundeoppfølging er naudsynt for å lukkast i bransjen.

– Eg kvalitetssjekkar sjølv alle produkta som går ut. Fin emballasje og personlege helsingar set prikken over i-en. Eg vil at dei som handlar hjå meg skal sitte igjen med ei god kjensle.

Yvonne Aga Romøren kortlevert.no

VIKTIGE DETALJAR: Alle kundar får ein personleg takk når dei handlar frå butikken hennar.

Importerer mindre trykk

Auka digitalisering og tøff konkurranse frå utlandet har dei siste 20 åra ført til nedgang for norske trykkeri. Satsinga til Romøren representerer likevel ein ny optimisme i bransjen.

– Vi ser at importen av trykksaker har gått litt ned dei siste tre åra. Trenden er at ting skal gå raskt. Då er det lettare å kommunisere med eit lokalt trykkeri, enn ein leverandør i Baltikum, forklarer bransjesjef i Grafisk bransjeforeining, Kari Rømcke.

Kari Rømcke

EIN BRANSJE I ENDRING: Bransjesjef i Grafisk bransjeforeining, Kari Rømcke, seier at den nye merkinga vil gjere norske trykkeriprodukt meir synlege på marknaden.

Foto: Tone Buene

Kvalitetsstempel for norsk trykk

Rømcke fortel at dei no arbeider med ein kampanje som skal sette fokus på bruk av norske bedrifter i trykkeribransjen. Den nye merkinga «Trykt i Norge» skal gjere det enklare å velje lokalt.

– Kampanjen skal bidra til å gjere dei norske bedriftene meir synlege og fremje fordelane ved å bruke norske trykkeri. Vi håpar han vil motivere fleire til å velje lokale bedrifter som sine underleverandørar for trykka sine.

Redda ekteskapet med rask trykk

Medan fleire konkurrentar nyttar utanlandske underleverandørar, trykker ho alle produkta på ektemann Øyvind Agas trykkeri, Printfarm. Med design og trykk under same tak kan bestillingar handterast raskt. I nokre tilfelle kjem dei korte leveringstidene godt med.

Ein dag kom telefonen frå ein stressa far på Austlandet som hadde fått ansvaret for bordkort til ein konfirmasjon. Han byrja få dårleg tid, då konfirmasjonen skulle vere den komande helga.

– Ettersom eg designa og trykte korta i Noreg, ante han likevel eit håp om å rekke det. Nokre dagar seinare ringde han i full begeistring. Då var han på veg til posten for å hente bestillinga og kunngjorde at eg hadde avverja ei skilsmisse, fortel Romøren, med eit smil.

Graf som viser nedgang for trykkeri og grafisk

I TØFF KONKURRANSE: Auka digitalisering og tøff konkurranse frå utlandet har dei siste åra sett sitt preg på den norske trykkeribransjen. No ser det likevel ut til å stabilisere seg.

Foto: SSB