Medan trenden i resten av landet er at nynorsken tapar terreng, er det no heile 92 % nynorsk ved Florø barneskole. Av dei 540 elevane som går på skulen, er det no berre 44 bokmålsbrukarar. For tjue år sidan var det heilt likt.
– Dette er uproblematisk for skulen, og det er heilt opp til foreldra å velje målform, seier rektor Øyvind Knapstad. Så lenge det er eit minimum av 10 elevar i kvar klasse, kan ein velje det målet ein vil.
– Ein ser også at foreldre med innvandrarbakgrunn no i større grad vel nynorsk for borna sine. Der dei for nokre år sidan nesten konsekvent valde bokmål, er det no like mange av dei som nyttar nynorsk, fortel Knapstad.
Elevane hans i 4B er nøgde med nynorsk. Mikal Bjerke Austbø seier han likar nynorsk fordi, det liknar meir på dialekta hans enn bokmål. Ine Hovland Orre er samd, og seier at nynorsk er fint å høyre på.
- Les også:
Same trend i Måløy
Den andre bokmålskulen i fylket ligg i Måløy, og her er bokmål framleis størst. Men rektor Stephan Lexau ved Skram skole, ser trenden også der.
– Det er 112 bokmålselevar, og 72 elevar som nyttar nynorsk ved skulen. Men berre på dei siste to åra, ser ein ei dreiing mot nynorsk. Der fleire og fleire foreldre vel nynorsk for ungane sine.