Hopp til innhold

Nynorsk Barne-TV på Al Jazeera

"Her er eg" kan bli send i heile Asia.

Julie Fossheim i "Her er eg"
Foto: Torje Bjellaas / NRK

"Her er eg" er ein serie som er laga ved NRK Sogn og Fjordane. Den har gått på NRK, og fleire episodar er på veg, blant anna i romjula.

SJÅ: - Skal ut i verda

No er også fleire land i Asia klare til å vise serien.

- Kven som kjem til å vise den er enno usikkert, seier Tone Rønning, leiar for eksterne produksjonar i NRK.

- Men fleire land, blant andre Kina, Qatar og Brunei har vist veldig stor interesse, seier ho.

Fossheim imponerte

Rønning har vore på kurs med representantar frå 60 land som er med i ABU (Asian Broadcasting Union), og det var her serien var vist fram.

- Julie Fossheim, som er med i serien, hausta varm applaus. Ho smelta rett og slett hjarta deira, seier Rønning.

Sjølv synst Rønning at "Her er eg" er ein framifrå serie for born.

- Eva Westvik og fotograf Torje Bjellaas har gjort ein veldig god jobb, seier ho.

Fire nye episodar av "Her er eg" skal sendast i Barne-TV i romjula.