Hopp til innhold

Vraka Sogndal - blir Moldekeeper

Hødd-keeperen Ørjan Nyland har vore i søkelyset til fleire klubbar, inkludert Sogndal. Men det er for Solskjær og Molde han spelar neste sesong.

Ørjan Nyland

BLIR MOLDE-KEEPER: 22 år gamle Ørjan Nyland.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Det melder Romsdals Budstikke på sine nettsider.

22-åringen ankom Molde Stadion like etter kl 13:00 og vart presentert som ny Molde-keeper på ein pressekonferanse kl 14:00.

Mellom anna Sogndal, Tromsø og Start har vore interesserte i spelaren, i tillegg til to lag frå England.

Men no har han signert ein treårskontrakt med romsdalsklubben.

- Vi har fulgt han sidan han var 16 år gamal, fortel Ole Gunnar Solskjær.

- Eg vel å gå til Molde fordi dei har enorm kompetanse, og eg trur klubben er best for mi utvikling, fortel Nyland som legg til at det ikkje har vore eit vanskeleg val.

Sogndal var interessert

Sogndal har vore på utkikk etter ny førstekeeper etter at Kenneth Udjus har gått til Lillestrøm.

Lenge før cupfinalen, der Nyland gjorde ein praktkamp, hadde Sogndal sett føre seg 22 år gamle Ørjan Nyland som mogleg erstattar for Udjus.

– Eg skal ikkje leggje skjul på at Ørjan er ein av dei vi siktar mot, og det var i forkant av cupfinalen, sa Sogndal sin keepertrenar, Terje Skjeldestad.

No må dei fortsette jakta på Udjus sin erstattar.