Hopp til innhold

Birkelund trur klubb-bytet var fornuftig

LA MANGA (NRK): Etter år med mykje benkesliting på Brann Stadion, ser Eirik Birkelund (22) endeleg fram til å gjere meir av det han elskar. Å spele fotball.

Eirik Birkelund har funne seg til rette i Sogndal etter overgangen frå Brann.

SJÅ VIDEO: Eirik Birkelund trivast godt i Sogndal. (FOTO/REDIGERING: KJELL JØRAN HANSEN/NRK)

– Det beste med å vere i Sogndal, er å vere i eit miljø der du kvar einaste dag får utvikle deg som fotballspelar på høgt nivå, seier Eirik Birkelund.

Var i Frankrike

22-åringen frå Bergen er på La Manga med sin tredje klubb i karrieren. Birkelund gjekk gradene i Brann, og det var også til Bergen han returnerte etter opphaldet i den franske toppklubben St. Etienne.

I vinter valde midtbanespelaren Sogndal. Bergensklubben ville ikkje gi han ny kontrakt.

– Det var ikkje så mykje eg kunne gjere med det, så då var det å sjå på moglegheitene, seier han.

– Revansjelysten

Eirik Birkelund

VIKTIG: – Eg har fått inntrykk av at det blir betrakteleg meir speletid enn i Brann, så held eg meg skadefri så kan det bli ein gøy sesong, seier Eirik Birkelund før debutsesongen med Sogndal Fotball.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Eg fekk tilbod om tre år i Sogndal, og når eg no ser korleis det er her, så er eg veldig godt nøgd med valet, legg Birkelund til.

– Er du revansjelysten?

– Sjølvsagt. Eg ville lukkast i Brann og fekk ein del kampar i haust der eg tykte det gjekk ganske greitt. Så det er klart du får lyst til å vise at dei tok feil.

– Samstundes opna det seg andre moglegheiter, som her med ny trenar og ny treningskvardag. Alt i alt kan hende det ikkje var så dumt for min egen del at det vart klubb-bytte, legg han til.

Gler seg til «Staddaen»

I fjor vart det 14 serie- og cupkampar med Brann. Halvparten av kampane frå start. I alt vart det 681 minuttar for raudtrøyene som til slutt følgde Sogndal tilbake til det gode selskap i norsk fotball.

Birkelund vedgår at det blir spesielt når dei to laga møtes på Brann Stadion i 7. serierunde.

– Det blir litt rart å stå på andre banehalvdel, men eg elskar å spele på Brann Stadion. Så det blir mest spesielt, seier han.

Vil ha speletid

I dag står Sandefjord på andre side av midtbanestreken når Sogndal spelar sin første treningskamp på La Manga. Trenar Eirik Bakke er klar på at spelarane må bruke opphaldet og tida fram til seriestart til å overtyde han om at dei fortener ein plass i startoppstillinga når alvoret startar.

Der ynskjer Birkelund å vere.

– Målet, og det viktigaste for meg, er å spele så mykje som mogleg frå start. No har det vore nokre år i Brann der eg ikkje har fått spelt så mange kampar, seier han.

Sogndal spelar kamp på La Manga klokka 16. Då møter dei Sandefjord.