Hopp til innhold

Nykommarane fann vegen til nettmaskene

Victor Grodås scora i debuten og Robin Shroot fekk si første nettkjenning i Sogndal-trøya. Likevel vart det tap for Sogndal mot divisjonskollega Nest Sotra.

Siger i debuten

NØGD: Sogndal tapte 2–3 i treningskampen mot divisjonskollega Nest Sotra, men Eirik Bakke ser ingen grunn til å henge med leppa.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Oppgjeret enda 3–2 i favør av hordalendingane.

– Ser ein bak resultatet, så er eg nøgd. Ikkje for at vi taper, men vi gjer ein veldig god omgang. Vi nærmar oss måten vi vil spele på, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Scora i debuten

Etter scoringar av Robin Shroot og debutant Victor Grodås leia «nye» Sogndal 2–1 med halvtimen att å spele.

– Eg er nøgd med å «få i gang» Shroot og Grodås, seier Bakke om dei to nykommarane.

Så fekk gjestene moglegheitene – og måla – dei trengde for å vinne treningskampen.

– Då vart det mykje byte og mykje rot, seier Bakke og legg til.

– Det er alltid moro å vinne kampar, men eg er ikkje uroa over måten vi taper på i dag. Vi skal byggje vidare, og vi blir eit lag som er vanskelege å slå når mars kjem og ting har fått sett seg.

– Har mykje å jobbe med

– Vi har mykje å jobbe med, men ting blir betre når vi får tilbake sju-åtte spelarar som er faste på laget og kan bygge laget inn mot La Manga i midten av februar, held Bakke fram.

Bakke vil innføre ein ny prøvestil , og tykkjer spelarane har respondert bra.

– Det handlar om å få høgt press og å vinne ballen tidleg tilbake. Det manglar også litt på presisjon og innleggskvalitet, men det kjem når vi får trena på det, seier han.

Fleire prøvespelarar

I tillegg til tapet mot Nest-Sotra, står Sogndal med sigrar over Florø og Fyllingsdalen, samt uavgjort mot Førde, i sine treningskampar i år. Bakke har nytta kampane godt til å teste ut potensielle spelarar.

Det var også tilfelle mot Nest Sotra, der ungguten Nicklas Sjølie Af Geijerstam fekk prøve seg på stopparplass, Tore Andre Aasheim (Haugesund) spelte kant og Fabien Spiess vakta buret.

I tillegg fekk også Simen Brekkhus frå Sogndal 2 bryne seg mot 1. divisjonskollegaen.

– Det er vanskeleg å vere prøvespelar og skulle vise seg fram, men alle fekk spele og dei viste seg fram frå ei god side, seier Bakke.

Vurderer keeperane

Det er kjent at Bakke ynskjer seg ein ny sisteskanse til å utfordre Mathias Dyngeland.

Om det kan bli andre enn nemnde Spiess, tidlegare Rosenborg-keeper Jacob Storevik eller tidlegare Brann-keeper Ådne Nissestad er uvisst.

– Vi må ta den vurderinga med trenarteamet, og bruke tida på å finne den rette. Spiess har gjort det bra, men det blir ei totalvurdering vi må gjere. Han er framleis under kontrakt med Notts County, seier Bakke.