Nye Vestland: 35 av 52 leiarstillingar til Bergen

Rundt to av tre leiarstillingar i nye Vestland er så langt bestemt plasserte i Bergen. – Eg fryktar at dette berre er starten, seier Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd (Ap).

Jon Håkon Odd

BEKYMRA LEIKANGER-ORDFØRAR: Jon Håkon Odd (Ap) er redd for massiv sentralisering når stillingsvernet er borte om fem år.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Denne vinteren skjer ein storstilt tilsetjingsprosess av leiarar på ulike nivå i nye Vestland fylkeskommune. Den siste månaden har det kome nye tilsetjingar nærmast kvar veke.

NRK har fått innsyn i plasseringa av dei nye leiarstillingane, som har blitt lyste ut både internt og eksternt. Tala viser at to av tre leiarstillingar er lokaliserte i Hordaland og Bergen. Rundt ein av tre skal plasserast i Sogn og Fjordane.

  • Nivå 1. Den komande fylkesrådmannen er Rune Haugsdal, som har arbeidsstad i Bergen.
  • Nivå 2. Dei sju fylkesdirektørane i det nye storfylket vart tilsett i november i 2018. Fire skal til Bergen. To til Leikanger og ein til Førde.
  • Nivå 3 og 4. Dette er seksjonsleiarar og andre mellomleiarar. Så langt er 44 stillingar bestemt. 30 blir oppretta i Hordaland og Bergen. 14 i Sogn og Fjordane.

Samla er 35 av 52 leiarstillingar så langt styrte til Bergen og Hordaland.

– Vi skal ha leiarar som er plasserte i heile fylket. Slik at vi har ei god merksemd mot heile framtidige Vestland fylkeskommune, seier prosjektleiar og komande fylkesrådmann, Rune Haugsdal.

– Ingen sentralisering

– Vil ikkje ein del gode fagmiljø no i praksis bli brotne opp?

– Nei, eg trur ikkje det. Det at ein sit geografisk lokalisert fleire stadar, det er heilt handterleg innanfor dagens teknologi.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

INGEN FARE: Fylkesrådmann Rune Haugsdal meiner det er balanse i den geografiske plasseringa av leiar-stillingane.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ein del vil kanskje tenke at dette er ein betydeleg sentralisering av makt mot Hordaland og Bergen?

– Det er eg ikkje samd i. Dersom du ser litt størrelsesmessig på fordelingen meiner eg at det er ein balanse som reflekterer aktivitetsnivået i dei to fylkeskommunane. Og så skal vi sørge for at det er stor merksemd i alle dei geografiske områda av det framtidige Vestland fylkeskommune, seier Haugsdal.

Bekymra

På Leikanger sit ein skeptisk ordførar Jon Håkon Odd (Ap. Han er bekymra over dei nye tala.

– Eg er redd for at fordelinga blir enda skeivare enn i dag på lang sikt. I dag har tilsette i fylkeskommunen eit særskild framforhandla stillingsvern på fem år. Eg fryktar for at dette opnar for ei massiv sentralisering til Bergen når dei fem åra er gått.

Han har allereie snakka med fleire tilsette i Sogn og Fjordane fylkeskommune, som no fryktar for framtida.

– No møter gode intensjonar praktiske realitetar. Og dei praktiske realitetane er at Bergen er eit veldig sterkt sentrum – og vil trekke til seg mange arbeidsplassar. Sogn som region kjem no til å stå igjen med vesentleg mindre arbeidsplassar, seier Jon Håkon Odd.

Stolar på administrasjonen

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) synest det er for tidleg å kommentere tala direkte.

– No har rådmannen ein jobb å gjere. Så får vi sjå korleis det ser ut når han er ferdig med den jobben.

Jenny Følling

AVVENTAR: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) har tillit til at den komande fylkesrådmannen fordeler leiarstillinga på ein rettferdig måte.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Ho seier det ikkje var aktuelt å ha sterkare politisk styring på korleis mellomleiarane skulle fordelast.

– Det var ikkje eit tema. I intensjonsavtalen står det først og fremst noko om korleis funksjonane skal fordelast og toppleiarstillingane.

– Og du stolar på at rådmannen sikrar nok fordeling til begge fylka?

– Ja, vi må ha tillit til at han gjer den jobben ut ifrå dei føringane som ligg i intensjonsplanen, seier Følling.

I dag er det rundt 25 stillingar på nivå tre og fire som ikkje er tilsette enno. Etter denne innplasseringa vil delen til Leikanger og Førde auke noko, opplyser administrasjonen.