NRK Meny
Normal

Heilt nye verk frå pioneren Rumohr

Den nye utstillinga «TEMPERAment» på kunstmuseet i Førde inneheld fleire måleri frå Knut Rumohr som aldri har vore stilt ut før.

Video frå utstillinga TEMPERAment på kunstmuseet i Førde

Konservator Ingrid Norum fortel om utstillinga og kunstnaren Knut Rumohr. FOTO OG REDIGERING: Alf Vidar Snæland.

Biletkunstnaren, målaren og grafikaren Knut Rumohr vaks opp lengst inne i Sognefjorden, på godseigedomen og garden Frønningen.

Det første som vil møte besøkande når utstillinga opnar laurdag, er eit lite sjølvportrett Rumohr måla med olje i 1939.

– Det er relativt figurativt, vi ser at det er ein mann som sit på ein stol med ein hatt. Men andletet ser vi ikkje, det er på eit vis utan detaljar, seier konservator Ingrid Norum.

– Ein pioner

Ingrid Norum

INGRID NORUM: Konservatoren viser rundt på utstillinga.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Men seinare vart det mindre og mindre konkret. Det var fargar og formar som interesserte han, fortel Norum.

– Allereie på slutten av 40-talet skjedde det store endringar. I 1952 var eigentleg forandringa gjennomført, og etter det måla Knut Rumohr abstrakte bilete. Bilete der du ikkje kan sjå konkret kva du har føre deg.

– Det blir sagt at han var ein pioner: kvifor?

– Fordi fram til om lag 1950 måla kunstnarane figurativt. Det vil seie at det som vart måla skulle førestille noko og ha ei rot i røynda. Han var ein av pionerane som var med å utvikla måleri i ein annan retning – mot det abstrakte.

(Artikkelen held fram under biletet)

TEMPERAment

ABSTRAKT: Rumohr måla figurativt tidleg i karrieren, men var ein av pionerane som var med på å utvikle måleri i retning det abstrakte.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Endra stil: – Han ville vere i utvikling

På kunstmuseet i Førde er det mykje sterke fargar no. Enkelte manglar tittel. Nokre har tydelege penselstrøk, medan andre ikkje syner spor av penselen.

– Kvifor er det så store skilnadar mellom bileta?

– Eg trur Knut Rumohr hadde ein indre drift. Han ønskte heile tida å vere i utvikling. Han ville ikkje stivne i eitt uttrykk og ein teknikk. Han utvikla seg frå år til år, og tiår til tiår, seier Norum.

(Artikkelen held fram under biletet)

TEMPERAment

ENDRA STIL: Norum seier Knut Rumohr endra stil og ville vere i utvikling.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– I byrjinga fargane ganske harmoniske. Men på slutten av 60-talet og 70-talet blir fargane kanskje litt vanskelegare å svelge ein periode. Han kan bruke litt «gusjne» brune og gule fargar, saman med turkis og knallraudt, seier Norum.

– Eg trur fargekombinasjonane hans gir ulike kjensler hjå folk. Dei er opne, og folk kan sjå kva dei vil i bileta.

Medan Rumohr la vekt på sjeleinntrykk, sinnsstemningar og kjensler på 50- og 60-talet, la han meir vekt på å formidle naturinntrykk seinare i karrieren, forklarar Norum. Laga med måling vart tjukkare, nesten klumpete.

– Det gir ein tredimensjonalitet til bileta. Det er nesten som dei står ut av ramma, og det vert nesten som eit veggteppe ein får lyst å ta på, seier Norum.

(Artikkelen held fram under biletet)

TEMPERAment

VEGGTEPPE: Fleire av bileta er som veggteppe du får lyst å ta på, seier konservator Norum.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Ein upolitisk kunstnar

TEMPERAment

MEIR MÅLING: Rumohr brukte meir måling, i tjukkare lag, seinare i karrieren.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Norum forklarar at målinga, fargane og komposisjonane var det viktigaste, og at Rumohr i fleire intervju sa at innhaldet kom i andre rekke.

– Hadde han ein politisk agenda? Ville han formidle noko anna enn kjensler?

– På slutten av 1960-talet og starten av 1970-talet, då han ein periode budde fast i Sogn var han oppteken av den veltande røyken og forureininga som kom frå verket i Årdal. Han var oppteken av og irritert over forureininga. Eg trur ikkje det var noko han utbasunerte og snakka mykje om, men han tok det i alle fall ut i bileta.

– Men det er dei einaste vi kan seie er politiske?

– Å ja, absolutt. Han uttalte mange gonger at han ikkje hadde sansen for kunstnarane som blanda politikk med kunst. Mange kunstnarar på den tida var veldig politisk engasjerte. Dei var mot Vietnamkrigen og opptekne av miljøkampen. Då var det Rumohr som stod litt på sidelina.

(Artikkelen held fram under biletet)

TEMPERAment

KVEN VAR KNUT RUMOhR? Ein roleg kar, meiner Norum. Likevel seier ho det er mykje temperament i bileta hans.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Kven var Knut Rumohr?

Norum og kollegaene har besøkt garden Frønningen. Dei har snakka med kona til Rumohr, og besøkt leilegheita i Oslo der Rhmohr og kona budde frå 50-talet.

– Det har vore kjempespanande. Vi har fått sjå alt, fotografere alt, og vurdere alt, for å sette saman denne utstillinga. Vi har følt oss veldig privilegerte. Dei har teke med oss med opne armar alle stader, seier Norum.

– Han kom frå eit gods i Frønningen: Var han ein storkar?

– Eg har dessverre aldri møtt han. Men han er omtalt som ein veldig snill, hyggeleg og roleg fyr. Eg trur han tenkte før han prata.

– Ofte forsøker folk å knytte ein kunstnar opp mot temperamentet: «åh, han var så temperamentsfull og det ser du att i bileta». Men her er det motset. Bileta har ofte masse temperament, og nokre er nesten voldsomme i fargane. Men Rumohr, slik eg oppfatta det, var litt motsett: Roleg, seier Norum.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå