Hopp til innhold

Ville legge ned 13 tannklinikkar - no blir kuttlista redusert

Askvoll og Bremanger kan likevel få behalde tannklinikkane sine. Derimot kan det brenne eit blått lys for klinikken i Fjaler.

Clara Øberg

TA PÅ ALVOR: – Det går på argument i høve til høyringa vi nett har hatt og innspela som vi har gått igjennom. Vi har sagt vi ynskjer å ta dei på alvor, og det har vi gjort, seier fylkesdirektør for tannhelse, Clara Øberg om endringane ho vil føreslå når det gjeld tannklinikk-strukturen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Fylkesdirektør for tannhelse, Clara Øberg orienterte i dag fylkesutvalet om vegen vidare for den nye tannklinikk-strukturen.

No har dei vurdert høyringsuttalane etter at dei gjorde framlegg om å fjerne 13 av 28 tannklinikkar i fylket. Det kan bety framleis tannklinikk i Askvoll.

– Det går på reiseavstand, mellom anna til Bulandet, Værlandet og Atløy, og busstilbodet som er i samband med det, seier Øberg.

Kutt i Dale?

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå Askvoll-ordførar Frida Melvær (H), men det som fører til glede i Askvoll, kan vere kroken på døra for tannklinikken i Fjaler.

– Det er fleire moglegheiter. Det eine kan vere å behalde både Askvoll og Dale, det andre at ein lagar ein større klinikk i Askvoll. Det har vi ikkje konkludert med, seier Øberg.

Gunhild Berge Stang

UVISSE: Ordførar Gunhild Berge Stang (V) er spent på korleis tannlegesituasjonen i Fjaler, Hyllestad og Askvoll er tenkt løyst.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Fjaler-ordførarGunhild Berge Stang (V) trur endringa gir ytterlegare hovudbry når fylket avgjer tannlegetilbodet i Fjaler, Hyllestad og Askvoll.

Må gjere avvegingar

Hyllestad var på kuttlista, men vart fjerna. I framtida har ein visjon om ein felles klinikk for Fjaler og Hyllestad.

Stang seier klinikken i Dale har vore viktig for både vidaregåande elevar og elevar ved United World College. Ho ynskjer å behalde tilbodet.

– Men det er viktig å finne den beste heilskapelege løysinga. Geografien er krevjande i Fjaler, Hyllestad og Askvoll, så her må ein gjere avvegingar i høve til brukarar, elevar, eldre og geografisk plassering, seier ho.

– Uhaldbare kutt

– Avstandsutfordringane kjem ein ikkje utanom, uansett korleis ein vrir og vender på det, legg Stang til.

Ordførar Morten Askvik (Sp) i Hyllestad har ikkje endra syn på at ein heller bør styrke tannklinikktilbodet i kommunane, uavhengig av kommunestruktur. Han vil ha tannklinikk i både Hyllestad og Fjaler.

– Det er så store behov, og så tydeleg store ulemper for brukarane at det ikkje er haldbart å leggje ned i Hyllestad eller Fjaler, seier han.

Halv million kroner

Lange reiseavstandar gjer at også Bremanger er inne att på det framtidige tannklinikk-kartet. Dette gjer at fylkesadministrasjonen må gjere ytterlegare endringar for å nå målet om 11 millionar i innsparingar.

– Det gir oss større utfordringar. No jobbar vi vidare med saka fram mot fylkesutvalet i mai, og så endeleg vedtak i juni, seier Øberg.

Lærdal sitt ynskje om å samlokalisere tannklinikk og lokalmedisinsk senter blir ikkje vurdert i denne omgang.

– Dei har gode argument som peikar på at tannklinikken er primærhelsetensete som bør leggast inn i deira lokalmedisinske senter. Men det er meir ei semje som må bli mellom kommunane, seier Øberg.