NRK Meny
Normal

Nye straumbrot for Sunnfjord Energi

Onsdag kveld er Sunnfjord energi råka av nye straumfeil.

Straumbrot

MØRKT I DELER AV FØRDE SENTRUM: Nye straumfeil for Sunnfjord energi.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Tysdag var opp mot 2000 av abonnentane til Sunnfjord Energi utan straum i ein lengre periode. Onsdag kveld er det nye straumbrot, men straumbrota ser denne gongen ut til å bli meir kortvarig for dei fleste abonnentane.

– Abonnentane i Førde sentrum har no fått igjen straumen. Der var straumen ute i 21 minutt, seier nettsjef Oddvar Hatlem.

Men framleis manglar mellom 20 og 30 abonnentar straum. Det er i området Gravdal–Heilevang i Førde og Liagalden -Teigen ved Bogstunnelen i Høyanger. Når det gjeld Gravdal–Heilevang reknar Sunnfjord Energi med at straumen skal vere attende i løpet av kort tid

Oddvar Hatlem

NYE PROBLEM: Nettsjef Oddvar Hatlem i Sunnfjord Energi.

Foto: Privat

– Då er det verre med Liagalden -Teigen, der ligg feilen opp på fjellet, og det vil ta ei stund å ta seg fram dit gjennom den tunge snøen.

Det er tung snø som også denne gongen er årsaka til straumproblema seier Hatlem.

– Det ligg mykje tung snø på linene, mildvêret no fører til at den dett av og då slår linene saman slik at vi får kortslutning.

– Er det mange som tar kontakt med dykk?

– Vi har hatt mange telefonar, men kundane er heldigvis forståingsfulle.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser