Hopp til innhold

Han kom med nye skredkart som på sikt kan bety at matjord må ofrast

LÆRDAL (NRK): Skredfaren mange stader i Lærdal er langt større kva ein tidlegare har trudd. Ferske skredkart frå NVE bandlegg nye område, og i framtida kan ein måtte ta i bruk meir matjord til nybygg.

Nye skredkart

SJÅ TV-REPORTASJE: Vestlandsrevyen om kva dei nye skredkarta får å seie for lærdølene.

– Det kan hende vi her blir utfordra på bruk av anna areal, vedgår ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

NVE er i gang med å granske skredfaren 200 stader i landet. Måndag la etaten fram kartlegginga for Lærdal kommune. Den viser at det blir vanskelegare å få bygd nok hus i mange rasutsette område i Lærdal.

– Kommunen har eit stort ansvar. Dei sit i dag med mynde til å forvalte dette. Dei skal sikre at utbyggingsareal har tilstrekkeleg tryggleik, slik lova krev. Derfor er dette verktøyet nyttig for dei, seier regiondirektør Brigt Samdal i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Brigt Samdal

KARTLEGGING: NVE er i gang med ei omfattande kartlegging av ras- og skredutsette område i heile landet. Måndag kom NVE-sjef Brigt Samdal med fasiten til Lærdal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Treng bustadareal

Frå før set kulturminne grenser for nybygging. Til saman kan alt dette tvinge fram meir husbygging på god matjord i Lærdal.

– Vi har også ein flaumproblematikk. Vi må ta føre oss heile kommunen og sjå det i forhold til både flaum og skred. Det kan hende vi blir utfordra her på bruk av anna areal, erkjenner ordføraren.

Solheim som sjølv er valt inn for Senterpartiet, eit parti som flaggar jordvernet høgt, vedgår at ein i framtida kan bli tvinga til å ofre matjord.

– Ja, eg ser ikkje vekk frå det. Då står enno att å gå gjennom rapporten, og få eit detaljert kart. Vi treng bustadareal i Lærdal, både i sentrum og ute i grendene. Vi må finne løysinga som totalt sett er best, erklærer Solheim.

Jan Geir Solheim

ALVOR: Ordførar Jan Geir Solheim, rådmann Alv Olsen Jr. og kommuneleiinga i Lærdal fekk høyre NVE presentere dårleg nytt.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sikring kan bli aktuelt – sjukehuset ligg trygt

Lærdal er blant dei første kommunane som no får på plass nye skredkart. Sjølv om på langt nær alt i materialet frå NVE var lystig lesnad for tilsette og folkevalde på rådhuset, er det ei trøyst at få eksisterande hus ligg plassert der risikoen i dag er størst.

– Det er ikkje snakk om så mange hus, vi har ikkje gjort ei nøyaktig oppteljing. Det er viktig at kommunen tek ein gjennomgang og ser på om husa er busette, og kor mange som bur i dei. Desse detaljane sit ikkje vi på. I den grad vi ser at her kan det ligge hus som ligg for utsett til, vil vi gå i dialog og sjå på om det kan vere aktuelt med sikringstiltak, forklarer Samdal i NVE.

Det som også er klart er at Lærdal sjukehus ligg trygt.

– Det er også kjekt å registrere at Lærdal sjukehus ligg trygt, slik at ein slepp noko diskusjon og fare knytt til dette. Det er viktig at dei offentlege bygga med mykje folk i, og som er viktige i beredskapssamanheng, ligg trygt, fastslår Samdal.