NRK Meny
Normal

Nye skimoglegheiter på kysten

Det er rekordmykje snø i fjellet, også langt ute på kysten. Det legg til rette for turar som er heilt uvanlege.

Grete Flaten Vårdal og Vigdis Flaten Kvamme på toppen av Dokka. Bak ser vi Atløy og Alden

– På topptur her kan du sjå utover havet heile turen. Om kvelden kan du få veldig flott solnedgang, seier Svenn Petter Kjerpeset frå Bremanger.

I går føremiddag tok han turen til Lianakken på ski før jobb. Kjerpeset veit å nyte vinteren. Dei siste vekene har han gått på mange toppar på kysten.

Sol og fint vêr, vindstille og fem centimeter med puddersnø gjer det freistande for Kjerpeset å bli verande på fjellet.

– Kysttoppane er ikkje så mykje brukt, men stabile tilhøve og kompakt snø gjer det ideelt og suverent å gå, seier toppturentusiasten.

Jan Fredrik Fosse på veg til Hornelen med truger
Foto: Svenn Petter Kjerpeset / Privat

– Ei unik oppleving

Styreleiar i Sogn og Fjordane Turlag, Marino Ask stadfestar inntrykket til Kjerpeset. Ask fortel at nokre turmål er betre tilgjengelege no enn på mange år. – All snøen har opna for å kunne få oppleve den fantastiske gleda det er å nyte utsikta mot storhavet for så å snu seg rundt og køyre tilbake i god, tørr snø.

Toppturar på kysten er noko av det verkeleg flotte i Sogn og Fjordane, hevdar han.

Marino Ask

UNIKE TURAR: Marino Ask, styreleiar i Sogn og Fjordane Turlag, gler seg over mykje snø og toppturar på kysten

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Å oppleve havutsikt på topptur er ei unik oppleving som kanskje tradisjonelt har vore meir omtala lenger nord i landet.

I helga var Ask på Blåfjellet (533 moh.) i Askvoll. Frå sentrum bar han skia hundre høgdemeter opp i kupert og bratt terreng, før han fekk køyre ned att på telemarksski. Det har han aldri gjort før og synest det var flott og spesielt.

Sjølv heilt vest i fylket kan vi finne fjell som strekkjer seg opp mot 1300 meter, men så høgt opp må du ikkje gå for å få storslegen utsikt.

– Frå Blåfjellet kunne eg sjå nesten heile kysten av fylket, fortel Ask.

Med flagget til topps på Hornelen
Foto: Svenn Petter Kjerpeset / Privat

Måneskinstur i Grytadalen

Du treng ikkje ski på beina for å nyte dei snødekte fjella. For Astrid Eliassen i Flora turlag, er truger eit godt alternativ.

– Med truger kjem eg mange stadar eg elles ikkje ville gått, spesielt i år med mykje snø. Det er kjempekjekt! Om snøen forsvinn lenger nede, kan vi pakke trugene på sekkane og gå til fots til snøgrensa.

Førre fredag arrangerte turlaget måneskinstur med truger.

– Det var ein artig tur som starta i Grytadalen. I vest fekk vi med oss flott solnedgang. Etter kvart kunne vi mot aust sjå månen kome opp over fjellet. Det var utruleg flott, trass litt skyer, seier Eliassen.

Om ski eller truger ikkje skulle vere noko for deg, meiner Eliassen at du likevel kan kome deg ut. – Frosne vatn og hardpakka snø gjer det enkelt å kome seg rundt. Det harde underlaget gjer det ideelt å gå med broddar også.