Hopp til innhold

Nye sjokkbrekk mot pelsdyrfarmar

I alt fem pelsdyroppdrettarar har dei siste dagane hatt besøk av ubedne gjester som har forsynt seg med reveskinn.

Reveskinn

Illustrasjon

Foto: INTERPRESS / AFP

Fleire pelsdyroppdrettarar har meldt om tjuveri av reveskinn etter at politiet måndag bad dei sjekke lagera sine.

I alt er no 470 reveskinn stole frå oppdrettarar i Gloppen. Måndag fekk politiet melding om 300 stolne reveskinn i Breim og gjekk då ut med oppmoding til bøndene om å kontrollere lagera sine.

Etterlyser kvit varebil

Politiet har fått melding frå ytterlegare to tjuveri av 18 reveskinn frå ein pelsdyroppdrettar på Hjelmeset og 150 sølvreveskinn frå ein gard på Rygg. Tjuveria skal ha skjedd natt til tysdag. I tillegg skal det vere gjort forsøk på innbrot i ein verkstadbygningn.

- Det er observert ein kvit varebil på ein av stadane natt til i dag. Denne kan setjast i samband med forholda. Det var også måndag observert ein kvit varebil parkert nokre hundre meter frå ein pelsdyrfarm i Breim, seier operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Skinn for 350 000 kroner

Politiet meiner at ein organisert bande står bak tjuveria. Dette fordi det i Norge er umogleg å selge reveskinn utan å vere registrert oppdrettar. Noko også Finn Årdal sa til NRK på måndag.

Denne typen tjuveri er svært sjeldan og nytt for politiet. Før jul vart ein pelsdyroppdrettar i Trøndelag fråstolen om lag 500 skinn av mink .

Mest sølvrev

Tjuvane er pris- og kvalitetsbevisste. Av reveskinna er vel 350 av sølvrev, medan resten er av andre typar. Den samla verdien på tjuveria er no over 400 000 kroner. På den siste pelsauksjonen gjekk skinn av sølvrev åleine for kring tusen kroner. Dei andre typane er verd om lag halvparten.

Politiet er framleis interessert i tips frå publikum og pelsdyroppdrettarar om observasjonar.