Hopp til innhold

Nye sauer drepne av ulv

Natt til laurdag vart to nye sauer tekne av ulven som herjar i Hovlandsdalen, i Fjaler. Nærmare 60 lokale jegarar står klar til å felle rovdyret om får dei sjansen.

Sauekadaveret som mest sannsynleg vart teken av ulv

DREPNE: Biletet syner ein av sauene som vart teken av ulv i Hovlandsdalen i Fjaler, denne helga.

Foto: SNO rovviltseksjonen

Den siste tida har ulven som har herja i Sunnfjord og ytre Sogn, gjort livet utrygt for beitande sauer i området. Etter fleire funn av sauekadaver, gav Fylkesmannen i førre veke fellingsløyve for ulven. Til no har det ikkje gitt resultat, og denne helga vart to nye sauer tekne av ulven.

Stadfestar

Rovviltansvarleg i SNO, Rein-Arne Golf, var i Hovlandsdalen og registrerte hendinga som fann stad i helga. Han kan konstatere at det med stor sikkerheit var ein ulv som stod bak.

– Me er nesten så sikre som me kan vere, ut ifrå bitemønsteret og etinga på kadaveret, seier han.

Rein Arne Golf

ULV: Rovviltansvarleg i SNO, Rein Arne Golf, meiner det var ein ulv som drepne sauene i Hovlandsdalen.

Foto: Johan Moen / NRK

Golf fortel at dei har DNA-prøvar frå over eit år tilbake i tid, fram til seinast no i sommar, som syner tilbake på eit og same individ. Golf, som fryktar at ulven vil verte verande i området ein stund framover, ber bønder gje rask beskjed dersom dei gjer noko nye funn, no som sauesankinga er i gong.

– Det er viktig at bøndene seier ifrå dersom dei finn dyr som dei meiner er råvilt-drepne, slik at me kan reise ut og sjå på det og få det dokumentert, seier han.

Høg aktivitet

Stein Mortensbakke i fellingslaget fryktar at store mørketal vil verte avdekka når bøndene under sauesankinga i år.

– Me har ikkje oversikt over sauane i fjellet enda, og det har vel ikkje bøndene heller trur eg. Me fryktar det som kjem fram etter kvart, seier han.

Han fortel at dei vel over 60 jegerane som har registrert seg for fellingsløyve av ulven, jobbar jamt og trutt med å rapportere observasjonar og eventuelle funn.

– Me har mange folk som er ute til forskjellige tider av døgnet. Dei har lov å skyte, dersom dei skulle treffe på han, seier Mortensbakke.