Hopp til innhold

Nye rekordar trass brannar og nedgangstider

Fleire kjøpesenter i fylket kan juble over rekordhøg omsetnad, både i julehandelen og for heile året sett under eitt.

Julehandelen

EIT GODT ÅR: Om ikkje det blir eit godt nytt år for kjøpesentera i fylket, så kan dei i alle fall gle seg over resultatet i 2015.

Foto: Wilhelm Tangerud/NRK

Eitt av sentera som kan vere godt nøgde med årets julegåvehandel er Amfi Sogningen i Sogndal.

Wilhelm Tangerud

JUBLAR: Amfi Sogningen har aldri hatt eit så godt resultat som denne jula og dette året, ifølgje senterleiar Wilhelm Tangerud.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Julehandelen har vore historisk i år med fantastiske seks prosent i auke i omsetnaden i høve til i fjor. Så vi er veldig godt nøgde her. Vi ser ein særleg vekst for daglegvarehandelen, seier senterleiar Wilhelm Tangerud.

Og dette resultatet står i stil til resten av 2015, for senteret kjem til å få ein auke på 7,5 prosent for heile året sett under eitt.

– På grunn av prisindeksreguleringa så vert det forventa ein uke på to prosent i året, men alt over det er jo fantastisk for julehandelen og for kjøpesenteret, seier Tangerud, som trur mykje av forklaringa ligg i folketalsauke, nye kundar frå nabokommunar samt auke i studenttalet i bygda.

Mindre handelslekkasje på Nordfjordeid

Sogningen er ikkje dei einaste som kan gle seg over rekordhøge tal. På Moengården på Nordfjordeid har dei auka juleomsetnaden med 10 prosent frå førre jul.

Moengården på Nordfjordeid (bygd i 2005)

OPTIMISME: På Moengården på Nordfjordeid trur senterleiinga at optimisme i kommunen er med på å skape veksten senteret opplever.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi les mykje om nedgangstider, men vi opplever det motsette, seier senterkoordinator Bjørn Kåre Moen.

Ein del av forklaringa er truleg at folk er flinkare til å handle lokalt, i staden for å reise til Ålesund, Ørsta og Førde. Dette har tidlegare vore ei utfordring for kjøpesenteret på Nordfjordeid, men no har trenden snudd.

– Tendensen er kanskje at dei handelstilboda som er der etter kvart også er komne hit. Og så er det eigentleg mykje optimisme på Eid. Her skjer mykje rundt oss både på utbygging av bustader og elles. Så eg trur folk har tru på området og er villige til å legge igjen pengar, seier Moen.

Gode tal trass brannar

I Florø sette ein brann i februar dempar på totalresultatet for 2015. To butikkar vart stengde i nesten ein månad. I tillegg måtte dei stengje hovudinngangen, som er ein av to inngangar, på grunn av fasadeprosjektet dei har heldt på med.

Likevel kjem dei ut i pluss, også i jula. I veka før jul auka dei omsetnaden med 17 prosent frå tilsvarande tidspunkt året før.

Amfi senter i Florø

I PLUSS: Amfi Florø går også i pluss sjølv om dei vart råka av brann og seinare måtte stenge ein av to inngangar i fire månader på grunn av fasadeprosjektet deira.

Foto: Ottar starheim / NRK

– Det har vore eit litt spesielt år med brannen og fasadeprosjektet vårt. Vi har stengt dørene i fire månader, men likevel kjem vi ut med ein auke på tre prosent i 2015, seier senterleiar Rolf Arne Rognaldsen.

Også Handelshuset i Førde vart råka av brann dette året. Brannen i november førte til tre stengde butikkar, to av dei langstengde. Kappahl opna få dagar før julaftan, medan Nille framleis er stengd. Likevel hadde også dei ein auke på 17 prosent i veka før jul. For heile 2015 aukar dei med nesten fire prosent.

– Eg er veldig letta. Vi var uroa ei stund, for Kappahl og Nille er store julebutikkar for oss, men det ser ut til å ha gått veldig bra, seier senterleiar Mariann Njøsen.

Populært med sportsutstyr

Ved Elvetorget i Førde, tidlegare Førde Torg og Elvegården, hamnar dei truleg litt over handelen i fjor eller på tilsvarande nivå.

– Det har vore bra trykk no rett før jul, men vi har ikkje tala klare enno, seier dagleg leiar Anne Karin Steen.

Ho fortel at særleg sportsutstyr og praktiske ting til kvardagsbruk har vore populært.

På Måløy Brygge seier senterleiaren at det framleis er for tidleg til å seie noko om årets resultat.