Hopp til innhold

Nye reglar skjerpar habilitetskrava

Frå neste haust blir politikarar inhabile i saker som gjeld offentlege selskap der dei er med i styre.

Knut Henning Grepstad.

Knut Henning Grepstad seier at det kjem nye reglar for habilitet neste år.

Foto: NRK

I helga trekte frp-politikar Frank Willy Djuvik seg frå styret i Sunnfjord energi fordi han ikkje er konfortabel med å sitje i kommunestyre og fylkesting når dei behandlar saker som gjeld energiselskapet.

Knut Henning Grepstad i fylkeskommunen seier Djuvik ikkje er inhabil etter dagens reglar, men vil bli det når det kjem nye reglar frå 1. november neste år.

– Det er ein regelendring som gjer at det blir mindre grunnlag for å lure på om dei folkevalde er habile eller ikkje.

Heitt tema

Frank Willy Djuvik

Frank Willy Djuvik har trekt seg frå styrevervet i Sunnfjord Energi.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Spørsmålet om politikarar sin habilitet har vore eit heitt tema mange gonger her i fylket. Fylkeskommunen eig eller er medeigar i to store selskap Fjord1 og Sogn og Fjordande energi.

Kommunane er eigarar av energiselskap, billag og liknande. I styra for slike selskap sit det ofte politikarar som også er med i kommunestyre eller fylkesting.

Habile i dag

Etter dagens reglar er politikarar i hovudsak ikkje inhabile til å vere med på politiske vedtak som angår offentleg eigde selskap - sjølv om dei sit i styre eller bedriftsforsamling for dette selskapet.

– Fram til 1. november 2011 har det vore eit unntak i habilitetsreglane for styremedlemmar som er 100 prosent eigd av det offentlege.

Fleire kontroversielle saker

Men habilitetsspørsmålet for politikarar dukkar stadig opp i samband med kontroversielle saker. Det gjekk heilt til høgste juridiske hald då fusjon mellom SFE og Sunnfjord Energi var aktuelt tema.

I sommar kom tema tilbake med full styrke då Alvar Melvær i Sogn og Fjordane turlag var svært kritisk til fylkespolitikarane som laga ein fylkesplan for vindkraft. Seks av dei ni i fylkesutvalet hadde verv i kraftselskap eller i interessestyret for vindkraft.

– Feil å bli sitjande

Denne diskusjonen fekk frp-politikar Frank Willy Djuvik til å trekke seg frå styret i Sunnfjord Energi der han sit som representant for Førde kommune. Samtidig er han kommunepolitikar, fylkespolitikar og fylkesleiar i partiet.

– Så lenge er eg er både gruppeleiar og fylkesleiar, så har eg stor innverknad på politikken til Framstegspartiet i fylket. Då blir det feil at eg samstundes skal sitje med eit styreverv som det kan stillast spørsmål ved.

No er det berre i saker som konkret gjeld Sunnfjord Energi Frank Willy Djuvik blir inhabil etter dei nye reglane, og det er få av dei i fylketinget sidan fylkeskommunen ikkje er eigar i det selskapet.

Kjenner seg ukomfortabel

Men Djuvik trekker seg frå styrevervet fordi han kjenner seg lite komfortabel med å behandle også meir generelle kraftsaker når han er medlem av styret i eit energiselskap.

– Du kjem bort i veldig mange saker som har med kraftinteresser å gjere, og det er openberrt at det kan stillast spørsmål ved om dei vert tekne omsyn til at ein sit i eit slikt styre.

– Større truverde

Grepstad innser at Djuvik kan ha eit poeng.

– Det ligg i dette at når han ikkje har eit verv i eit selskap som er interessert i bestemte resultat i ei sak, så vil han kunne seie at han står vesentleg friare. Dermed ligg det eit element av større truverde, seier han.

Kan bli færre politikarar i styre

Konsekvensen etter neste valg kan difor bli at langt færre politikarar også blir styremedlemmer.

– Det kan bli ei profesjonalisering, det vil seie at ein får inn representantar som er næringslivsorienterte. Men argumenta er sterke mellom politikarane for at det er folkevalde som sit der, for dei skal representere folket i selskap som er skipa for dei.