Fiskeridepartementet har i dag bestemt at ein fritidsfiskar skal få selje inntil 3000 kilo rund torsk. Utanlandske turistar får ta med seg 25 kilo fisk pr. person ut av landet. Torskebåtar over 15 meter skal halde seg utanfor ei linje som blir trekt frå Nord-Vågsøy og frå øy til øy heilt nord til Finnmark.
I tråd med forslaget
- Dette høyrest greitt ut, seier leiar Nils Myklebust i Sogn og Fjordane Fiskarlag. Det er mykje i tråd med ein del av dei forslaga vi har vore med på å utarbeide, seier han.
Diskusjon om grenser og båtar
Fritidsfiskarane har på førehand vore veldig skeptiske til dei nye reglane. - Men når dei no er på bordet, ser det ikkje så ille ut, seier Nils Sætren, som er styremedlem i Norges kyst- og fjordfiskarlag. - Det er i tråd med det vi står for. Det som kan verte diskusjon om er grensedragningane og storleiken på båtane som kan fiske innanfor grensa, seier Sætren.
Bra med kvotar
Også for reiselivet er reglane til å leva med, seier Liv Bodil Baug i Vestkysten Reiseliv. Ho trur det er bra å ha ein kvote som ein kan halde seg til, men talet på kor mange kilo fisk turistane kan ta med seg er høgare enn ho hadde rekna med.