Hopp til innhold

Nye problem for reiselivsmuseum

Fylkesrådmannen rår fylkeskommunen frå å forskotere statleg tilskot til reiselivsmuseet i Balestrand i denne omgang.

Han går også imot å gje garantiar slik at reiselivsmuseet kan ta opp lån for å kome i gang med arbeidet.

Balestrand hadde håpa å komme i gang med bygginga av eit nasjonalt reiselivsmuseum knytt til Kviknes hotell i Balestrand alt til hausten. Men då fylkestinget prioriterte opera på Nordfjord og nytt kunstmuseum, sa departementet at dei ikkje blir snakk om statleg deltaking før etter 2007.

Rekna med hjelp

Balestrandordførar Erland Fagermoen tolka dette positivt og signal om at staten ville yte sitt tilskot. Han rekna då med at fylkeskommunen ville forskotere summen på 25 millionar, eller garantere for eit lån.

No frårår fylkesrådmannen både forskottering og garanti inntil staten gjev klårare signal om kva tid dei vil stille med pengar. Dersom fylkesutvalet støttar forslaget når saka kjem opp i neste veke, kan det igjen skape problem for realiseringa av reiselivsmuseet.