Hopp til innhold

Nye legar til Lærdal

Det er tilsett to nye allmennlegar i Lærdal. Innbyggarane vil i løpet av hausten få tildelt ny fastlege. Lærdal kommune har vore med i ALIS-prosjektet (allmennlege i spesialisering), eit femårig løp med legeteneste kombinert med rettleiing, samlingar og sjukehuspraksis. Deltakinga i prosjektet gjer at kommunen får ein stabil situasjon med kommunelegar etter ein periode med vikarbruk, opplyser kommunalsjef for helse og omsorg, Arne Johansen.