NRK Meny
Normal

Nye kutt ved sentralsjukehuset

Helse Førde vil kutte sju senger og sju stillingar ved Medisinsk klinikk ved sentralsjukehuset i Førde, for å dekkje inn eit underskot på 10 millionar kroner.

Korridor

FÆRRE SENGER: Talet på senger må ned for å få økonomien i balanse.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Dette er galskap, seier Ruth Solheim, som er tillitsvald for sjukepleiarane.

– Vil gå ut over slagpasientar

Ho fryktar slagramma og andre alvorleg sjuke vil bli hardt råka.

– Eg synest det er forferdeleg. Det vil gå ut over ei pasientgruppe som treng øyeblikkeleg hjelp og rehabilitering og trening for å komme seg ovanpå igjen.

LES OGSÅ:

Underskotet ved medisinsk klinikk er på om lag 10 millionar kroner og innsparingar må til, seier klinikkdirektør Arve Varden.

Arve Varden

MÅ SPARE: Klinikkdirektør Arve Varden ved Medisinsk avdeling ser inga anna råd enn å kutte senger og redusere talet på tilsette.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Eit av tiltaka vi har sett på dagsorden er å redusere sengetalet i avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering frå 27 til 20. Alle kutt i pasientbehandlinga vil ha som konsekvens at vi blir pressa. Det må vi også rekne med her. I denne avdelinga har vi eit snittbelegg på rundt 20, seier Varden.

Har kutta hardt ved FSS

Sentralsjukehuset har dei siste åra mista drygt 70 sengeplassar gjennom stadige omorgansiseringar og samanslåing av avdelingar. Noko av resultatet er fleire korridorpasientar.

Klinikkdirektør Arve Varden beklagar situasjonen, men håpar kutta ikkje vil gå sterkt ut over pasienttilbodet.

– Dårlegare pleie

Solheim som er tillitsvald for sjukepleiarane trur pasientane vil bli skadelidande.

– Dei får dårlegare pleie og kvaliteten meiner eg vil gå ned. Eg har forståing for at økonomien er dårleg, men vi må finne ut kva vi eigentleg vil drive med i Helse Førde, seier Solheim som meiner kutta må takast ved andre tilbod.

Helse Førde skal på sikt spare om lag 150 millionar kroner for å få drifta i balanse og kunne makte naudsynte investeringar på utstyr.