NRK Meny
Normal

Nye kostar toppar fylkestingslista til SV

Jakob Andre Sandal, Eldrid Skudal, Steinar Øydvin, Vigdis Heimdal Reksnes og Yrla Klein toppar SV si fylkestingsliste for 2015–2019 etter laurdagens nominasjonsmøte i SV.

Nye kostar i SV

TOPP FIRE: F.v. Vigdis Heimdal Reksnes, Eid (4), Jakob Andre Sandal, Jølster (1), Eldrid Skudal, Gaular (2) og Steinar Øydvin, Sogndal (3).

Foto: SV

– Det blir spennande og utfordrande. Lista er heilt ny i toppen, men vi er klare til innsats, seier Sandal, som står øvst på nominasjonslista.

Både Norvall Nøringset og Jan Olav Fretland gav for ei tid tilbake beskjed om at dei ikkje ønskte renominasjon. Begge har lang fartstid bak seg for partiet.

Sjølv om Sandal er fersk på fylkestingslista til Sv, har han etter kvart lang fartstid i Jølster-politikken.

– Eg har vore partimedlem i SV i ti år, og vore i kommunestyret i Jølster sidan 2007. Siste perioden har eg også sete i formannskapet. Eg har også vore nestleiar i fylkespartiet, seier Sandal.

Store sko å fylle

Han er klar på at det er store sko å fylle etter Nøringset og Fretland, men er klar for nye utfordringar.

– Det er ei tillitserklæring å ha vorte valt. Alle vi som er nye på lista er klar over dei kutta fylkeskommunen har i vente, og det blir nok tøffe tak, seier Sandal.

Han er også klar på at dei har ein jobb å gjere med å markere seg.

– Kvar og ein av oss er kjende i våre kommunar, men no blir jobben å gjere oss kjende rundt om i fylket slik at andre også veit kven vi er og kva vi står for, seier Sandal.

Både vemodig og spennande

Leiar i Sogn og Fjordane SV, Vibeke Johnsen, er viss på at sjølv om dei øvste fem på fylkestingslista er nye fjes, kjem dei til å gjere ein god jobb for partiet.

– Vi har visst ei god stund at både Nøringset og Fretland ikkje ønskte attval. Nominasjonsmøte er både vemodige og spennande. Men det er lett å gløyme at også dei som vi no ser på som nestorar, også ein gong var ferske, seier Johnsen.

Ho peikar på at kandidatane har brei røynsle, og fleire av dei er drivne lokalpolitikarar i sine kommunar.

– Dei har variert og god erfaring. Alle er klar over den situasjonen SV er i som parti. Vi skal kjempe for to plassar på fylkestinget ved neste val, seier Johnsen.

Fylkestingslista Sogn og Fjordane SV 2015–2019
1. Jakob Andre Sandal, Jølster
2. Eldrid Skudal, Gaular
3. Steinar Øydvin, Sogndal
4. Vigdis Heimdal Reksnes, Eid
5. Yrla Klein, Vik (SU)
6. Turid Vallestad, Førde
7. Ole Erik Thingnes, Naustdal
8. Yusuf Ali Ibrahim, Vågsøy
9. Per Arne Tveit, Askvoll
10. Hilde Kvamsås Aa, Flora
11. Hege Støfring, Jølster (SU)
12. Åse Leirgulen, Bremanger
13. Hanne Oftedal, Gloppen
14. Hege Lothe, Gloppen
15. Vibeke Johnsen, Sogndal
16. Håvard Sandviknes, Vågsøy
17. Trine Hess Elgersma, Luster
18. Kirsti Eklund, Årdal
19. Jan Sigurd Haugen, Leikanger
20. Ann Kristin Førde, Flora
21. Aud Kari Isane, Balestrand
22. Henrik Fjeldsbø, Høyanger
23. Sølvi Sognstad Waage, Solund
24. Erling Hjelle, Fjaler
25. Silje Juklestad, Jølster
26. Albert Andersen Øydvin, Sogndal (SU)
27. Viviann Midtbø, Vågsøy
28. Gaute Losnegård, Askvoll
29. Jorunn Sandvik, Eid
30. Magne Aardal, Jølster
31. Ragnhild Bruvoll, Gloppen
32. Siv Emdal, Eid
33. Jan Olav Fretland, Lærdal
34. Hilde Brotangen Helleland, Vik
35. Jørgen Bergset, Eid
36. Dagny B Vangsnes, Vik
37. Herdis Holvik, Vågsøy
38. Heidi Grande Røys, Flora

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.