Geolog Odd-Andre Rustad i Vegvesenet seier det kan gå dagar før vegen opnar. Han var på befaring på staden laurdag, og han opplevde rastrugselen som ubehageleg.
Krev rassikker veg
No krev bygdefolket skikkeleg rassikring eller ein alternativ veg. Gunvar Seljeseth seier dei ti fastbuande lever i ein uhaldbar situasjon. I heile helga gjekk det nye ras på staden.
Mange ras
Det har gått mange ras på strekninga mellom Lending og Sandvik, og i august i fjor gjekk eit stort ras på same stad som raste blokkerer vegen no.
Ikkje gehør
Etter press frå bygdefolket vart det måndag sett opp ein båt som fraktar skuleelevar og folk som pendlar forbi rasstaden. Men Seljeseth seier dei har fått svært dårleg respons når dei har teke opp situasjonen med vegstyresmakter, kommune og fylkeskommune.