Hopp til innhold

Nye episodar av Klart eg kan

I kveld kjem det heilt nye episodar av barne-tv serien Klart eg kan. Første episode handlar om Nora Nyhammer-Taklo som skal til tannlegen.

Norsk dokumentarserie. 
Tannlegen har bestemt at Nora må trekke to melketenner for å få plass til dei nye tennene. Nora gruar seg veldig, for ho har aldri trekt tenner hos tannlegen før. Tenk om det er vondt og tenk om noko gale skjer?

FØRSTE EPISODE: Tannlegen har bestemt at Nora må trekke to mjølketenner for å få plass til dei nye tennene. Nora gruar seg veldig, for ho har aldri trekt tenner hos tannlegen før. Tenk om det er vondt og tenk om noko gale skjer?

Dette er den 5. sesongen og det er no blitt produsert heile 63 episodar av den populære serien.

Prosjektleiar Kjellrun Lavik er kry over det ein har fått til ved eit lite miljø ved NRK Sogn og Fjordane

– Vi er stolte over å sjå korleis ekte kvardagslege historier om vanlege ungar når ut til publikum år etter år.

Ny vri på gamal suksessoppskrift

Serien handlar om mot og meistring og viser ungar som skal klare noko.

Nytt av året er at ein prøvar å fortelje litt nye historier om det å vere modig.

Kjellrun Lavik

STOLT: Kjellrun Lavik er prosjektleiar for Klart eg kan og stolt over å presentere nye 16 episodar av suksesserien.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi ser at mot ikkje berre handlar om å tørre noko vanskeleg som å dykke eller stå på vasski. Men også å vere sjuk og tørre å la seg undersøke på sjukehus krev eit mot vi vaksne av og til ikkje tenkjer over, seier Lavik.

Denne sesongen inneheld til dømes den sterke historie om Rakel Helene Torvnes Rosnes frå Ålesund som har gått til kreftbehandling. I tillegg får ein møte barn som får sett inn høyreapparat, lever med ryggmergsbrokk, trekkjer ei tann eller vinn over sprøyteskrekk.

– Det blir kjekt å presentere desse og alle dei 16 episodane for ungar over heile Norge, eg trur dei kan både underhalde og inspirere seier Lavik.

NRK Super vil ha meir Klart eg kan

Også i 2016 vil NRK Sogn og Fjordane produsere Klart eg kan.

Difor vil me gjerne ha tips om ungar mellom 4–8 år som skal til med noko dei synest er utfordrande og spennande. Det må vere ungar som har eit mål om noko dei vil klare men det kan gjerne vere kvardagslege ting.

Send tips til sf@nrk.no.