Gruppa i Helse Vest vil gjere fødeavdelingane i Lærdal og på Nordfjordeid om til fødestover. Sjukehusa i Lærdal og Florø bør bli sjukestover, og sjukehuset på Nordfjordeid bør miste kirurgisk akuttberedskap.
Ikkje nok fødsler for fødeavdeling
Det har lagt i korta heilt sidan Stortinget vedtok statleg overtaking av sjukehusa og vedtok retningsliner for desse, at det kunne få dramatiske følgjer for småsjukehusa her i fylket. Og no kjem det. Fødeavdelingane i Lærdal og på Nordfjordeid har færre fødslar enn det Stortinget har sett som norm for ei fødeavdeling. Dermed meiner arbeidsgruppa i Helse Vest at desse to stadene no berre skal ha fødestove.
Lærdal Sjukehus
Sjukestove i Lærdal og Florø
Men for Lærdal er dramatikken langt større. Arbeidsgruppa i Helse Vest vil legge ned heile sjukehuset og gjere det om til ei litt avansert sjukestove. Dei kallar det Distriktsmedisinsk senter som då kan innehalde sjukeheim, legesenter, heimesjukepleie, poliklinikkar, litt rehabilitering, røntgen og laboratorieteneste. Same modellen forslår gruppa å bruke i Florø.
Dei ulike gruppene er ikkje samd
Det betyr at gruppa i Helse Vest i praksis vil legge ned to sjukehus i fylket. Men dei lokale arbeidsgruppene, som presenterte sine konklusjonar sist fredag, ville legge ned i Florø, og styrke tilbodet i Lærdal og på Eid.
Helse Vest-gruppa lar litt av sjukehuset på Eid bestå i denne omgang. Dei kuttar kirurgisk akuttberedskap, men Eid får halde fram med den indremedisinske akuttberedskapen.
Sjukehuset på Nordfjordeid
For kostbart
Helse Vest si prosjektgruppe grunngjev endringane i beredskap med at fleire vaktordningar ved små sjukehus som Lærdal og Eid ikkje tilfredsstiller dei normene som Stortinget har bestemt. Dette kan ikkje halde fram. Dermed vil dei reduserer drifta fordi det blir for kostbart å oppgradere vaktordningane til vedtekne normer.
Føremålet med omstruktureringa er å gjere helsetenesta billegare, og prosjektgruppa meiner endingane i Lærdal, Florø og på Eid vil spare knapt 17-18 millionar kroner i lønsutgifter. Det tilsvarar nær 40 stillingar.
Rapporten frå Helse Vest blir behandla i styret ein gong ut på nyåret.
Leif Kapstad
Ikkje samkøyrde
Dagens rapport frå Helse Vest verkar svært forvirrande i forhold til tilsvarande rapport frå Helse Førde sist fredag. Den rapporten hadde heilt andre konklusjonar og tilrådingar enn det som kjem frå Helse Vest i dag. Direktør Leif Kapstad i Helse Førde stadfestar at prosessane ikkje har vore samkøyrde.