Tidene er nye bestenoteringar i motbakkeløpet, som går opp på fjellet Storehesten (1209 m.o.h.) i Gaular kommune.
Kenyanar til topps
Det var Sompol som òg hadde den gamle rekorden, men i dag forbetra han den med nesten eitt minutt.
Sompol seier til Firda at han hadde håpa å springa på 1.02, men at det i dag ikkje gjekk og at han var glad for å slå sin eigen rekord.
Hadde han klart det på under timen, ville han fått den store premien på 100 000 kroner. Det klarte han also ikkje i år.
God deltaking
I konkurranseklassen stilte 121 løparar til start, og i mosjonsklassen med tid deltok 61 løparar. Totalt stilte 1191 til start i eit av dei lengste motbakkeløpa i Noreg.
Det vart meldt om nokre få skadar, blant anna eit vridd kne, men elles var skadane av lettare omfang.
Sjå heile resultatlista på www.storehestenopp.no