Hopp til innhold

Nye avgangar skapar frustrasjon blant ferjepassasjerane

25 skuleelevar frå Atløy i Askvoll måtte vente i tre kvarter på ferjekaia i Gjervik i dag tidleg fordi Fjord1 har fjerna ei av ferjene på sambandet.

Det kom ikkje ferje til ungdommane

FERJEKRØLL: Skuleelevane fv. Ingrid Herland, Serine Mathea Mjåseth, Malin Thorsnes Herland, Ine Høyvik Landøy, Andrea Natvik Vilnes, Frida Grane, Karolina Frantzen, Martine Olseth, Camilla Hugøy, Iselin Olseth, Sofie Krunsvik og Trude Sofie Grane måtte vente svært lenge på å komme seg på skule fredag.

Foto: Marion Svellingen Mjåseth

Rektor Oddgunn Keilgavlen Grane ved Askvoll skule kritiserer Fjord1 og krev at det blir sett inn passasjerbåt, dersom problema skulle vare ved.

– Vi kan ikkje finne oss i at det skal vere på denne måten. Ungane må få komme seg på skulen til rett tid. Vi synst ikkje noko om at dei må stå der åleine på kaia såpass lenge, seier rektoren.

Etterlyser informasjon

Folk på Atløy er opprørte over at Fjord1 har flytta ei av ferjene frå Askvoll-området til Måløy-Oldeide. Det gjer at dei får færre avgangar, og turane til Fure er sløyfa.

Fjord1 gjer det for å unngå full stopp på sambandet over Nordfjorden, men Bjørn Arne Mjåseth likar dårleg at det er dei som bur på Atløy må svi for problema på Måløy-Oldeide.

– Dei reisande får ein omveg på nesten ein times køyring. Dette er eit samband som har nesten 100.000 reisande i året og her gjer Fjord1 store rokeringar med eit knips, utan nokon form for informasjon. Vi har vorte vande med å få tilsendt SMS når det har vore problem på ruta, men denne gongen har det vore heilt stilt, seier han.

Tor Kristoffersen i Fjord1 seier dei sendte ut ei trafikkmelding i går kveld, men at ein teknisk feil truleg er årsaka til at ikkje alle har fått denne.

– Det er sjølvsag veldig beklakeleg, seier Kristoffersen.

– Knallhardt å ta ifrå oss

Også Rolf Abrahamsen fekk problem då han skulle sende sonen av garde til Bergen i dag tidleg.

– Det er knallhardt å ta ferja ifrå oss, slik at vi berre sit att med ei. Det er uhaldbart for oss som bur her. Eg forstår ikkje at dei kan fare slik åt. No håper eg at son min kjem med skyssbåten, men det løyser ikkje problema for alle som står og frys her og ventar på ferja, seier han.

Ordførar i Askvoll, Frida Melvær, har sett seg lei av at teknisk problem på ferjene skapar trøbbel på sambanda i kommunen.

Frida Melvær

OPPGITT: Ordførar Frida Melvær (H) seier kommunen er avhengig av å ha ferjer som går som dei skal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det har vore ein kaotisk morning. I Askvoll er ferjene avgjerande for at samfunnet skal fungere, så i dag tidleg var frustrasjonen stor, seier ho.

Set inn passasjerbåt for ferje

Melvær har snakka med Fjord1 som forsikrar at dei jobbar med ei løysing på problema. Ordføraren er klar på kva ho forventar

– No er det god hjelp i at det vert sett inn skyssbåt på strekningane der det er ekstra utfordringar. Den einaste løysinga vi kan leve med er å få på plass ei ny ferje. Det jobbar Fjord1 hardt med, så vi håpar at den skal vere på plass i Askvoll i løpet av dagen.

No frå klokka 12 går ferja på sambandet Askvoll-Gjervik-Fure etter ordinær rutetabell, medan strekninga Askvoll-Værlandet inntil vidare blir trafikkert med passasjerbåt.

Den eine ferja i Askvoll-området vart i går flytta over til Måløy-Oldeide på grunn av problem der.

Tor Kristoffersen i Fjord1 håpar dei kan ha ei ferje nummer to på plass i Askvoll i morgon, men han kan ikkje garantere at det går.