Hydro Aluminium i Årdal
Årdal Framtid er eigd av kommunen og Hydro, og arbeider for å skape nye arbeidsplassar når Hydro no skal nedbemanne med fleire hundre tilsette i bygda.
Tek tid
Styreleiar Bjarne Reinholdt seier det tar tid å skape varige arbeidsplassar. Halvvegs i perioden dei no arbeider i er ikkje dei store etableringane på plass. Eit par mindre firma har søkt etter arbeidarar, og Årdal Framtid prøver og å få Utla Kjeldevatn til å ekspandere med mellom anna eit flasketapperi.
Sidan starten har dei også hatt i gang eit prosjekt for å utvikle mindre og mellomstore bedrifter, og her reknar dei med å ha 30-40 arbeidsplassar i løpet av relativt kort tid.
Arbeidsplassar som passar for Årdal
Av større bedrifter arbeider Årdal Framtid med ein to-tre prosjekt med 50 tilsette og oppover. Viss tidsplanen heldt skal disse bedriftene vere klare i løpet av 2006, når Hydro legg ned søderbergomnane. Dette er større industriarbeidsplassar med mekanisk industri og bearbeidingsindustri. Desse verksemdene vil passe bra for Årdal, og kunne utnytte dei som vert ledige nå Hydro legg ned deler av drifta.
Varige arbeidsplassar
Styreleiaren i Årdal Framtid seier elles at dei heile tida også jobbar med å få bedrifter som allereie eksisterer til å etablere seg i Årdal. Og dei reknar med at dei skal klare å skaffe nok arbeidsplassar til dei som vert overflødige i Hydro. Arbeidsplassar som er varige, og ikkje nokre døgnfluger, seier han.