NRK Meny
Normal

Nye arbeidsplassar i hogstnæringa

Det er gode tider i skogsbransjen, berre på dei siste tre åra har det kome 26 nye arbeidsplassar i hogstnæringa.

Han har lange dagar i skogen, og snart får han følge av fleire.

Han har lange dagar i skogen, og snart får han følge av fleire.

Foto: Olav Åsen Haugsgjerd / NRK

– Dagmar og treplantinga på 50 og 60-talet er hovudgrunnen til auken, seier skogsjef Mads Jensen i Sogn og Fjordane Skogeigarlag.

Etter Dagmar vart det stort behov for å rydde opp og ta ut tømmer av dei vindherja skogane. Dei etablerte skogsentreprenørane fekk nok å gjere, og nye kom til.

– Vi har eit mål om å ta ut ca. 250 000 kubikk tømmer i året. Mot 40 000, før Dagmar. Det er klart dette aukar sysselsettinga bransjen, seier Jensen.

Planta på 60-talet

I skogreisingstida på 60-talet vart det planta mykje på Vestlandet. Det er den som er hogstmoden nå, og som saman med in brukbare tømmerpris vil gje skogeigarane gode inntekter i tida framover.

Martin Braanaas Kleppe

SATSAR PÅ SKOG: Martin Braanaas Kleppe i Sunnfjord Skog.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Martin Braanaas Kleppe i Sunnfjord Skog er ein av entreprenørane som har komme til dei siste åra.

– Det er mykje å gjere. Det er alltid ein ny jobb som ventar, og det er det viktigaste.

Alt til sommaren skal han utvide med eit arbeidslag.

– Vi budsjetterer med at maskina skal gå 12 timar for dagen. Då jobbar vi frå 0700 til 19, men innimellom må vi gjere litt kompromiss. Skal ein ha eit sosialt liv utanom så må ein av og til gi seg litt tidlegare.

Det går mot rekordår for tømmerhogsten i Sogn og Fjordane. 
Og det e orkanen Dagmar sine herjingar som har sett fart i næringa.

Investerer for sju millionar

Skogsentreprenøren i Sunnfjord har akkurat tinga to nye maskiner til sju millionar kroner.

– Det er eit ganske klart teikn på at vi ser lyst på framtida, seier Kleppe Braanaas.

Torgrim Østgård er stadig ute og ser på nye tømmerdrifter

GODE TIDER: Torgrim Østgård er stadig ute og ser på nye tømmerdrifter.

Foto: Olav Åsen Haugsgjerd / NRK

Skogbruksleiar i Sunnfjord Torgrim Østgård er også positiv. Han seier det vil bli bruk for fleire arbeidslag i skogen framover.

– Det er mykje tømmer som skal takast ut. Vi treng fleire hogstmaskinar og taubanar for å ta unna all skogen som skal hoggast, seier Østgård.

I Nordfjord går det også unna. Bent Arne Hetle i Nordfjord Skogsdrift seier dei har nok å gjere.

– Vi har godt med arbeid, og kan ikkje klage.