NRK Sogn og Fjordane har laga ein serie om matrettar. Stian Sjursen og Roy Raasholm Fauske har fått med seg kokk Pål Jetmundsen på kjøkkent. I denne serien gjev vi deg tips til varmrettar, osterettar, drikkar og grillmat. Rettane er enkle å lage, og dei er godt eigna til både heimekos og turmat.
Grilla ananas med ost
Del ein ananas i fire eller sek båtar. Rull desse i sukker. Legg dei på grillen i nokre minuttar på kvar side. Servèr med kald Kesam vanilje.
Marinert grilla Camembert
Legg ein Camembert i ein marinade av balsamico og olje i 10 minuttar. Legg camemberten på grillen i 30 sekund på kvar side, og servèr med ein gang.
Grilla scampi med Snøfrisk-dipp
Legg tre scampi på spyd i marinade av olje, chilli og ingefær. Dei må liggje nokre timar i marinaden. Grill scampiane i nokre minuttar. Bland ein pakke snøfrisk naturell, med ½ raudlauk, 1 dl fløyte, litt finhakka graslauk og litt sitron. Dette skal serverast kaldt til scampiane.
Grilla svinefilet fyllt med riddarost og basilikum
Lag eit snitt på langs i svinefileten. Fyll i bitar av ridderost. Legg basilikumblad på toppen. Surr saman med hyssing. Skal grillast i 15 – 20 minutter. Unngå å legge kjøttet med snittsida ned.
Grilla entrecote med brie
Grill eit stykke biff, på slutten av steiketida legg du eit godt stykke brie oppå, ta gjerne på eit lokk, eller litt aluminiumsfolie.
Grilla kyllingbryst fyllt med blåmuggost
Skjer ei lomme i kyllingbrystet og legg i ei skive blåmuggost. Legg dette på grillen i fire minutt på kvar side.
Grilla poteter med kremost
Legg potetbåtar i folie med olje og kvitlauk, pakk saman og legg på grillen. På slutten legg du i eit beger med kremost urter.Bland godt før servering.
Bagel med kremost
- 1 boks kremost med kvitlauk
- Bagel
- Egg
- Salat
- Sprøstekt bacon
- Raud lauk
Fritert brie
- 1 stk brie
- 2 egg
- Mjøl
- Brødmjøl
Del brien i passe bitar. Dypp bitane i mjøl, så i egg og deretter i brødmjøl. Så i egg igjen og ein gang til i brødmjøl. Fritèr bitane gyldenbrune i olje. Server desse varme.
Varme pølser med ostedip
- 1 pakke pølser
- 200 gram Snøfrisk
- 1 dl kremfløyte
- ½ raudlauk
- 1 fedd kvitlauk
- 2 ss timian
- Salt og peppar
Finhakk lauk, kvitlauk og timian. Bland alt saman og smak til med salt og peppar. Varm pølsene og server med brød.
Salat med Ridderost, aprikos og nøtter
- 285 gram Ridderost
- 1 boks valnøtter
- 1 pose tørka aprikosar
- 2 ss honning
- Saft fra 1 appelsin
Kutt Ridderosten i terningar. Del valnøttkjernene i to.Kutt aprikosane i strimlar og bland saman. Kok opp safta av appelsina og smelt inn honningen. Avkjøl dette og hel det over salaten. Dette kan med fordel stå å trekke i nokre timar.
Pastasalat med yoghurt og pestodressing
- 1 pakke tortelini
- 100 gram kokt skinke
- 1 rødlauk
- 1 paprika
- 2 dl matyoghurt
- 2 ss pesto
- Kok pastaen og avkjøl
Bland alt saman, smak til med salt og peppar.
Ananas Smoothies med ingefær
- 1 banan
- 200 gram frisk ananas
- 20 gram frisk ingefær
- 3dl matyoghurt
- Kan søtast med sukker
Køyrast glatt i blender eller foodprosessor.