Nyborg er hovudaksjonær i det svindelmistenkte firmaet European Insurance Agency. I april 2003 fekk han sparken som dagleg leiar i forsikringsfirmaet Agil for å ha blanda eigne pengar med selskapet sine. Det vart då inngått ein avtale om at årsaka til oppseiinga ikkje skulle gjerast kjend. Agil var eigd av Nyborg og Forsikringsmeglerhuset Aon Grieg. Selskapet er no selt vidare.
Nye mistankar
Tørvis Hotell i Luster kan vere kjøpt for svindelpengar.
Firmaet European Insurance Agency blir no etterforska for å ha kalla seg forsikringsagentar frå det internasjonale selskapet Lloyds utan å vere det. EIA er mistenkt for å ha lurt kommunar og småbedrifter til å teikne forsikringar som ikkje er noko verdt. Hovudaksjonær Nyborg kjøpte i sommar Tørvis Hotell, og Luster kommune og Luster Sparebank har no stogga finansieringa av oppussinga av hotellet i påvente av etterforskinga.