Hopp til innhold

Ny vurdering på rasveg i Gulen

Statens vegvesen melder at fylkesveg 1 mellom Instefjord og Rutledal i Gulen ikkje kan opnast enno. Det blir ei ny vurdering klokka 15 i dag. Ein geolog skal på staden og vurdere faren for nye ras. Vegen har vore stengd sidan i går føremiddag, då det gjekk eit steinras.