- Då vi gjorde det siste vedtaket i november i fjor kjende vi ikkje til at faren var utsett for ei ulukke og hadde mista fleire fingrar. I løpet av torsdag vil vi vurdere om det gjev grunnlag for å omgjere siste vedtaket vårt, seier nemndleiar Unni Mette Vårdal.
- Må ta omsyn til helsa
Ho mottok i dag eit krav frå advokaten til familien, der han krev at Utlendingsnemnda gjer om vedtaket om utvising. Grunngjevinga er den dårlege helsa til mora og faren i familien. Han meiner nemnda også har gjort seg skuld i feil sakshandsaming.
Fire år i Sogndal
Familien Hatefmoktari. Foto: Torbjørn Fardal
Familien Hatefmoktari har budd i Sogndal i fire år. Etter at Utlendingsdirektoratet avviste søknaden om opphald, har Utlendingsnemnda handsama saka to gonger. Men det var først på måndag at politiet si utlendingseining fekk den endelege beskjeden om å setje familien på flyet til Iran. Då meldinga kom flykta familien på fire, mor og far og to gutar på på 8 og 11 år. Dei lever no i skjul av frykt for å verte sende ut av landet.