Hopp til innhold

Ny vurdering

Gloppen kommune vil på ny vurdere praksisen med å ha konfirmasjonsundervisning i skuletida. I eit brev til rektorane, soknepresten og Humanetisk Forbund, ber oppvekstsjefen om ei å få svar på kva særlege grunnar som gjer at dette må skje i løpet av skuledagen. Gloppen kommune er ein av tre kommunar i fylket som held fast på slik undervisning i skuletida.